Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 5 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Ureinskap og urett vinning

1. Herren sa til Moses:

2. «Sei til israelittane at dei skal senda bort frå leiren alle som har vorte ureine fordi dei har hudsjukdom eller utflod eller har kome nær lik.

3. Både menn og kvinner skal de senda bort. Lat dei gå ut or leiren, så dei ikkje gjer leiren urein, der eg bur midt imellom israelittane.»

4. Folket gjorde som Herren sa. Dei sende dei ureine ut or leiren.

5. Herren sa til Moses:

6. Du skal seia til israelittane: Når ein mann eller ei kvinne gjer ei eller anna synd mot eit menneske og såleis er trulaus mot Herren og fører skuld over seg,

7. skal dei skrifta den synda dei har gjort. Og så skal dei gje fullt vederlag og la den dei har gjort urett mot, få ein femtedel i tillegg.

8. Men dersom mannen ikkje har nokon nær slektning som kan ta imot bota, skal ho gjevast til Herren og høyra presten til, saman med soningsveren som han ofrar til soning for syndaren.

9. Kvar avgift og alle heilage gåver som israelittane kjem til presten med, skal vera hans.

10. Presten skal ha dei heilage gåvene som folk gjev; alt det som vert gjeve til presten, skal vera hans.

Lova om svartsykje

11. Herren sa til Moses:

12. Tal til israelittane og sei til dei: Set at ei kvinne kjem på avveg og er utru mot mannen sin.

13. Ein annan mann ligg med henne. Men mannen hennar får ikkje vita det; for det vert ikkje oppdaga at ho har gjort seg urein. Det var ikkje noko vitne til det, og ho vart ikkje teken på fersk gjerning.

14. Men så vert mannen gripen av svartsykje og får mistanke om at kona hans har gjort seg urein. Det kan òg henda at mannen vert gripen av svartsykje og mistrur kona si endå ho ikkje har gjort seg urein.

15. Då skal han ta kona med seg til presten, og han skal bera fram ein tiandedels efa byggmjøl som offergåve for henne. Men han må ikkje slå olje på mjølet og ikkje leggja røykjelse attmed. For det er eit grødeoffer for svartsykje og eit påminningsoffer som skal minna om synd.

16. Presten skal la kvinna gå fram for Herrens åsyn.

17. Så skal han henta vigsla vatn i ei leirskål og ta noko av støvet som er på golvet i heilagdomen, og ha det oppi vatnet.

18. Når presten har ført kvinna fram for Herrens åsyn, skal han løysa håret hennar og leggja påminningsofferet i hendene hennar; det er eit grødeoffer for svartsykje. I si eiga hand skal han halda det beiske vatnet som fører forbanning med seg.

19. Så skal presten ta kvinna i eid og seia til henne: «Så sant ingen mann har lege med deg, så sant du ikkje har kome på avveg og gjort deg urein, du som er ei gift kvinne, så skal det ikkje skada deg, dette beiske vatnet som fører forbanning med seg.

20. Men har du kome på avveg og gjort deg urein, endå du er gift, har ein annan enn din eigen mann lege med deg,»

21. – og no skal presten lesa opp forbanningseiden for kvinna og seia til henne: «då skal Herren laga det så at landsmennene dine brukar namnet ditt til ei forbanning og ein eid, og han skal la hoftene dine minka og buken din bolna.

22. Når dette vatnet som fører forbanning med seg, kjem ned i innvolane dine, skal buken bolna og hoftene minka.» Og kvinna skal seia: «Ja, så skal det vera.»

23. Desse forbanningane skal presten skriva opp på eit blad og vaska dei av i det beiske vatnet.

24. Og han skal la kvinna drikka av dette beiske forbanningsvatnet, som kan valda stor verk når ho får det i seg.

25. Så skal presten ta grødeofferet for svartsykje ut or handa på kvinna, svinga det for Herrens åsyn og bera det fram på altaret.

26. Og han skal ta ein neve av påminningsofferet og brenna det på altaret. Deretter skal han la kvinna drikka av vatnet.

27. Har ho så gjort seg urein og vore utru mot mannen sin, då vil forbanningsvatnet valda verk når ho får det i seg. Buken hennar bolnar og hoftene minkar, og ho vert ei forbanning mellom landsmennene sine.

28. Men dersom kvinna ikkje har gjort seg urein, men er rein, då skal ho vera uskadd; ho kan framleis få born.

29. Dette er lova om svartsykje: Når ei gift kvinne kjem på avveg og gjer seg urein,

30. eller når ein mann vert gripen av svartsykje og mistrur kona si, då skal han leia kvinna fram for Herren, og presten skal gjera med henne alt det som er skrive i denne lova.

31. Mannen skal vera fri for skuld, men kvinna må lida for brotet sitt.