Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Strid mot midjanittane og deling av hærfanget

1. Herren sa til Moses:

2. «Du skal ta hemn over midjanittane for det dei har gjort mot israelittane. Sidan skal du fara til fedrane dine.»

3. Då tala Moses til folket og sa: «Nokre av dykk må bu seg til strid. Dei skal gå mot midjanittane og fullføra Herrens hemn over dei.

4. Tusen mann frå kvar av Israels-ættene skal de senda ut i hærferd.»

5. Så valde dei ut tusen mann frå kvar ætt i heile Israel, i alt tolv tusen stridsbudde menn.

6. Dei sende Moses i hærferd, tusen mann frå kvar ætt, og saman med dei Pinhas, son til presten Elasar. Han hadde med seg dei heilage tinga og signaltrompetane.

7. Dei gjekk til strid mot Midjan, som Herren hadde sagt Moses føre, og drap alle mennene der.

8. Mellom dei som fall i slaget, var Midjan-kongane Evi, Rekem, Sur, Hur og Reba; det var dei fem kongane i Midjan. Bileam, son til Beor, fall òg for sverdet deira.

9. Israelittane førte bort kvinnene og borna åt midjanittane som fangar. Og alle husdyra deira, heile buskapen, og alt det dei åtte, tok dei.

10. Alle byane dei budde i, og alle teltleirane sette dei eld på.

11. Alt hærfanget, alt dei hadde teke i krigen både av folk og fe, tok dei med seg.

12. Og fangane og hærfanget, alt dei hadde teke, førte dei til Moses og presten Elasar og til heile Israels-folket, som låg i leir på slettene i Moab, ved Jordan, midt for Jeriko.

13. Moses, presten Elasar og alle hovdingane i folket gjekk til møtes med dei utanfor leiren.

14. Moses var harm på hærførarane som kom heim att frå hærferda, både dei som stod over tusen og dei som stod over hundre mann.

15. Han sa til dei: «Har de spart alle kvinnene?

16. Det var då dei som lydde Bileams råd og lokka israelittane til truløyse mot Herren den gongen ved Peor, så pesten kom over Herrens folk.

17. No skal de slå i hel alle guteborn og alle kvinner som har lege med menn.

18. Men alle unge jenter som ikkje har lege med menn, skal de spara.

19. Så må de halda dykk utanfor leiren i sju dagar. Alle som har drepe nokon, og alle som har kome nær nokon av dei falne, skal reinsa seg den tredje og den sjuande dagen. Det gjeld både dykk og fangane dykkar.

20. Alle klesplagg, alt som er laga av skinn eller geiteragg, og alle reiskapar av tre må de reinsa.»

21. Presten Elasar sa til alle stridsmennene som hadde vore med på hærferda: «Dette er ei føresegn i den lova som Herren har gjeve Moses:

22. Gull og sølv, kopar og jern, tinn og bly,

23. alt som toler eld, skal de la gå gjennom eld, så det vert reint. Og så skal det reinsast med reinsingsvatn. Men alt som ikkje toler eld, skal de ha i vatn.

24. Den sjuande dagen skal de vaska kleda dykkar, så de vert reine; og sidan kan de koma inn i leiren.»

25. Herren sa til Moses:

26. «Du og presten Elasar og ættehovdingane i folket skal telja opp hærfanget dei har teke, både av folk og fe,

27. og skifta det likt mellom stridsmennene som var med på hærferda, og resten av folket.

28. Av krigarane skal du krevja ei avgift til Herren: éin av kvart femte hundre, både av folk og storfe og esel og småfe.

29. Dette skal takast av den halvparten som fell på krigarane, og du skal gje det til presten Elasar; det skal vera ei gåve til Herren.

30. Av den halvparten som fell på resten av israelittane, skal du ta ein av femti, både av folk og storfe og esel og småfe, av heile buskapen, og gje til levittane, som tek seg av tenesta i Herrens bustad.»

31. Moses og presten Elasar gjorde som Herren hadde sagt Moses føre.

32. Hærfanget, det som var att av det krigarane hadde røva, var i alt 675 000 sauer,

33. 72 000 oksar og kyr

34. og 61 000 esel.

35. Av menneske var det i alt 32 000 kvinner som ikkje hadde lege med menn.

36. Den halvparten som fall på krigarane, var 337 500 sauer

37. – av dei var 675 avgift til Herren;

38. 36 000 oksar og kyr – av dei var 72 avgift til Herren,

39. og 30 500 esel – av dei var 61 avgift til Herren.

40. Talet på menneske var 16 000 – av dei var 32 avgift til Herren.

41. Avgifta som skulle vera ei gåve til Herren, gav Moses til presten Elasar, som Herren hadde sagt han føre.

42. Den halvparten som fall på resten av israelittane, og som Moses hadde teke frå krigarane,

43. den halvparten som folket fekk, var 337 500 sauer,

44. 36 000 oksar og kyr,

45. 30 500 esel

46. og 16 000 menneske.

47. Av denne halvparten, den som fall på israelittane, tok Moses ein av femti, både av folk og fe; han gav dei til levittane, som stod for tenesta i Herrens bustad, som Herren hadde sagt han føre.

48. Så gjekk hærførarane fram for Moses, både dei som stod over tusen og dei som stod over hundre mann.

49. Dei sa til han: «Tenarane dine har teke tal på dei krigarane vi hadde under oss, og det vanta ikkje ein mann.

50. Og no kjem vi med ei gåve til Herren, slike ting av gull som kvar av oss har funne: armringar, armband, fingerringar, øyreringar og halskjeder. Det skal vera til soning for oss hjå Herren.»

51. Moses og presten Elasar tok imot gullet dei kom med, alle slag fint arbeidde ting.

52. Dei gåvene av gull som tusenmannsførarane og hundremannsførarane gav i avgift til Herren, var i alt 16 750 sekel.

53. Men det hærfanget som mannskapet hadde vunne, tok dei sjølve.

54. Då Moses og presten Elasar hadde teke imot gullet av tusenmannsførarane og hundremannsførarane, bar dei det inn i møteteltet. Det skulle minna Herren om israelittane.