Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Ureinskap og reinsingsvatn

1. Herren sa til Moses og Aron:

2. Dette er eit lovbod som Herren har gjeve: Sei til israelittane at dei skal koma til deg med ei raud kvige som er utan feil og lyte, og som ikkje har hatt åk på seg.

3. Den skal du gje til presten Elasar. Dei skal leia henne ut or leiren og slakta henne medan han ser på.

4. Presten Elasar skal ta noko av blodet hennar på fingeren og skvetta det sju gonger bort imot framsida av møteteltet.

5. Så skal dei brenna kviga medan han ser på. Både skinnet og kjøtet og blodet, og mageinnhaldet med, skal dei brenna.

6. Presten skal ta sedertre, isop og karmosinraud ull og kasta det på elden der kviga vert brend.

7. Sidan skal han vaska kleda sine og lauga kroppen sin, og så kan han gå inn att i leiren. Men han skal vera urein til kvelds.

8. Den mannen som har brent kviga, skal òg vaska kleda sine og lauga kroppen sin, og han skal vera urein til kvelds.

9. Ein mann som er rein, skal samla opp oska av kviga og leggja henne på ein rein stad utanfor leiren. Der skal ho gøymast åt Israels-lyden og brukast i reinsingsvatn til å ta bort synd.

10. Den som samlar opp oska av kviga, skal vaska kleda sine og vera urein til kvelds. Dette skal vera ei evig lov for israelittane og for innflyttarane som bur mellom dei.

11. Den som kjem nær eit lik, skal vera urein i sju dagar.

12. Den tredje og den sjuande dagen må han reinsa seg for synd, så han kan verta rein. Reinsar han seg ikkje den tredje og den sjuande dagen, vert han ikkje rein.

13. Kvar den som kjem nær eit lik, eit dødt menneske, og ikkje reinsar seg for synd, han gjer Herrens bustad urein og skal rydjast ut or Israel. Sidan det ikkje er skvett reinsingsvatn på han, er han urein. Ureinskapen heng framleis ved han.

14. Så seier lova: Når eit menneske døyr i eit telt, skal alle som kjem inn i teltet, og alle som er i det, vera ureine i sju dagar.

15. Og kvart ope kar, som det ikkje er lagt lok på, er ureint.

16. Når nokon som er ute på marka, kjem nær ein som er fallen for sverd, eller ein som har døytt på annan måte, eller han kjem nær eit menneskebein eller ei grav, skal han vera urein i sju dagar.

17. Når dei vil reinsa den ureine, skal dei ta noko av oska etter det oppbrende syndofferet, ha henne opp i eit kar og slå friskt vatn over.

18. Ein mann som er rein, skal ta isop og duppa han i vatnet. Så skal han skvetta det på teltet, på alle dei ting og menneske som var der, og på han som kom nær eit bein, ein som er drepen eller har døytt på annan måte, eller ei grav.

19. Han som er rein, skal skvetta det på den ureine den tredje og den sjuande dagen. Når han såleis har reinsa han den sjuande dagen, skal han vaska kleda sine og lauga seg i vatn. Då vert han rein same kvelden.

20. Den som har vorte urein og ikkje reinsar seg for synd, han skal rydjast ut or Israels-lyden; for han har gjort Herrens heilagdom urein. Sidan det ikkje har kome reinsingsvatn på han, er han urein.

21. Dette skal vera ei evig lov for dei. Den som skvette reinsingsvatnet, skal vaska kleda sine. Og dersom nokon kjem nær reinsingsvatnet, skal han vera urein til kvelds.

22. Alt det den ureine kjem nær, vert ureint, og den som kjem nær han, skal vera urein til kvelds.