Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Levittvigsla

1. Herren sa til Moses:

2. «Tal til Aron og sei: Når du set opp lampene, skal du laga det så at alle sju kastar ljoset beint fram for ljosestaken.»

3. Og Aron gjorde så. Han sette opp lampene såleis at dei kasta ljoset beint fram for staken, som Herren hadde sagt Moses føre.

4. Ljosestaken var laga av hamra gull, heilt frå foten opp til krona. Moses hadde laga staken etter det førebiletet Herren hadde vist han.

5. Herren sa til Moses:

6. Du skal ta ut levittane mellom israelittane og reinsa dei.

7. Såleis skal du fara åt når du reinsar dei: Du skal skvetta reinsingsvatn på dei. Så skal dei raka seg over heile kroppen og vaska kleda sine. Såleis skal dei reinsa seg.

8. Ta så ein ung okse og grødeofferet som høyrer til, kveitemjøl, blanda med olje. Til syndoffer skal du ta ein annan ung okse.

9. Så skal du la levittane koma fram til møteteltet, og der skal du samla heile Israels-lyden.

10. Før levittane fram for Herren, og lat israelittane leggja hendene på dei!

11. Aron skal via levittane for Herrens åsyn til eit offer frå folket, og så kan dei gjera teneste for Herren.

12. Levittane skal leggja hendene på hovudet åt oksane. Den eine skal du ofra som syndoffer og den andre som brennoffer til Herren, og såleis skal du gjera soning for levittane.

13. Du skal føra levittane fram for Aron og sønene hans og via dei, så dei vert eit offer til Herren.

14. Såleis skal du skilja levittane ut frå dei andre israelittane, og dei skal høyra meg til.

15. Sidan skal dei koma og gjera teneste ved møteteltet, etter at du har reinsa og vigt dei.

16. For mellom israelittane er det dei som er heilt overlatne til meg. Eg har gjort dei til min eigedom i staden for alle dei fyrstefødde hjå israelittane, alle som kjem fyrst frå mors liv.

17. For alt fyrstefødt i Israel, både av folk og fe, høyrer meg til. Den dagen eg slo i hel alle dei fyrstefødde i Egypt, då vigsla eg dei til min eigedom.

18. Men no har eg teke levittane i staden for alle dei fyrstefødde i Israel.

19. Eg tok dei ut mellom israelittane og gav dei til Aron og sønene hans. Dei skal tena israelittane i møteteltet og gjera soning for dei, så det ikkje skal koma ulukke over israelittane når dei kjem heilagdomen for nær.

20. Moses og Aron og heile Israelslyden gjorde alt dette med levittane. Dei gjorde i alle måtar så som Herren hadde sagt Moses føre.

21. Levittane reinsa seg og vaska kleda sine. Aron vigde dei til eit offer åt Herren og gjorde soning for dei, så dei vart reine.

22. Sidan kom levittane og gjorde teneste ved møteteltet, og Aron og sønene hans hadde tilsyn med dei. Som Herren hadde sagt Moses føre, så gjorde dei med levittane.

23. Herren sa til Moses:

24. Dette er lova som gjeld for levittane: Frå dei er tjuefem år gamle, skal dei koma og gjera teneste og arbeida ved møteteltet.

25. Men når dei har fylt femti år, skal dei dra seg ut or tenesta og ikkje arbeida lenger.

26. Dei kan hjelpa brørne sine med arbeidet ved møteteltet, men ikkje ha fast teneste. Såleis skal du ordna arbeidet åt levittane.