Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då sa Bileam til Balak: «Bygg sju altar for meg her, og få tak i sju oksar og sju verar til meg!»

2. Balak gjorde som Bileam sa, og dei ofra ein okse og ein ver på kvart altar.

3. Så sa Bileam til Balak: «Stå her attmed brennoffera dine medan eg går bort ei stund. Kanskje Herren kjem til møtes med meg. Og det han lèt meg sjå, skal eg kunngjera deg.» Så gjekk han opp på ei snau høgd.

Bileam-kvadet

4. Der kom Gud til møtes med Bileam, og Bileam sa til han: «No har eg stelt til sju altar, og på kvart altar har eg ofra ein okse og ein ver.»

5. Då la Herren eit ord i munnen på Bileam og sa: «Gå attende til Balak og tal det eg har sagt.»

6. Då han kom attende, såg han at Balak stod bortmed brennoffera sine saman med alle Moabs hovdingar.

7. Så tok han til å kveda:Frå austerfjell, frå Aram,har Balak, Moabs konge, ¬henta meg:«Kom og lys forbanning ¬over Jakob,kom og tal vondt mot Israel!»

8. Korleis kan eg forbanna densom Gud ikkje har forbanna?Korleis kan eg vera harm ¬på densom Herren ikkje er harm på?

9. Eg ser dei frå den høgste nutog skodar dei frå høgdene.Det er eit folk ¬som bur for seg sjølvog ikkje reknar seg ¬som andre folkeslag.

10. Kven kan telja Jakob, ¬tallaus som støvkorn,kven kjenner talet ¬på Israels støvsky?Gjev eg fekk døy ¬som dei rettvise døyr,og til sist fekk ein lagnad ¬som dei!

11. Då sa Balak til Bileam: «Kva er det du gjer? Eg henta deg for at du skulle forbanna fiendane mine, og så velsignar du dei i staden!»

12. Bileam svara: «Eg må ta meg i vare så eg ikkje talar anna enn det Herren legg meg i munnen.»

13. Då sa Balak til han: «Kom og ver med meg til ein annan stad der du kan sjå folket. Men heile leiren får du ikkje sjå, berre utkanten av han. Derifrå skal du forbanna dei for meg.»

14. Så tok han Bileam med seg til vakthaugen på toppen av Pisga-fjellet. Der bygde han sju altar, og på kvart altar ofra han ein okse og ein ver.

15. Bileam sa til Balak: «Stå her attmed brennoffera dine, medan eg går bort og møter Gud.»

16. Herren møtte Bileam og la eit ord i munnen hans. «Gå attende til Balak,» sa han, «og tal det eg seier deg!»

17. Då Bileam kom attende, såg han at Balak stod attmed brennoffera sine og Moabs hovdingar saman med han. Balak spurde: «Kva sa Herren?»

18. Då kvad Bileam:Reis deg, Balak, og høyr!Lyd på meg, du Sippors son!

19. Gud er ikkje ein mann, ¬så han lyg,eit menneske, ¬så han skifter hug.Gjer han ikkje det han seier,held han ikkje det han lovar?

20. Eg fekk bod om å velsigna;velsignar han, ¬kan ikkje eg gjera det om.

21. Eg ser ingen vondskap i Jakob,inga ulukke i Israel.Herren deira Gud er med dei,dei hyllar han som konge.

22. Gud førte dei ut or Egypt,og dei har styrke ¬som ein villokse.

23. Det finst ingen som driv ¬med spådom i Jakob,ingen som tek varsel i Israel.I rette tid vert det sagt til Jakob,til Israel kva Gud vil gjera.

24. Sjå, folket reiser seg som ei løve,som ei løvinne fer det opp!Det legg seg ikkje til rofør det har metta seg med rovog drukke blodet ¬av dei det drap.

25. Då sa Balak til Bileam: «Kan du ikkje forbanna dei, må du iallfall ikkje velsigna dei!»

26. Men Bileam svara: «Har eg ikkje sagt deg at eg berre kan gjera som Herren seier?»

27. Då sa Balak til Bileam: «Kom, så skal eg ta deg med til ein annan stad. Kanskje Gud ikkje har noko imot at du forbannar folket derifrå.»

28. Så tok han Bileam med seg opp på toppen av Peor-fjellet, der ein kan sjå ut over det aude landet.

29. Då sa Bileam til han: «Bygg sju altar for meg her, og få tak i sju oksar og sju verar til meg!»

30. Balak gjorde som Bileam sa, og ofra ein okse og ein ver på kvart altar.