Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Den fyrste dagen i den sjuande månaden skal de halda ei heilag samling. Då må de ikkje gjera noko arbeid. Den dagen skal horna ljoma hjå dykk.

2. De skal bera fram brennoffer som angar godt for Herren: ein ung okse, ein ver og sju årsgamle, lytelause lam.

3. Grødeofferet som høyrer til, skal vera kveitemjøl, blanda med olje, tre tiandedels efa for oksen, to tiandedels efa for veren

4. og ein tiandedels efa for kvart av dei sju lamma.

5. Ein bukk skal de bera fram som syndoffer, til soning for dykk.

6. Dette skal de ofra attåt nymåne-brennofferet og det daglege brennofferet med grødeofferet som høyrer til, og dei vanlege drikkoffera; det skal vera eit eldoffer som angar godt for Herren.

7. Den tiande dagen i same månaden, den sjuande, skal de halda ei heilag samling. Då må de fasta og ikkje gjera noko arbeid.

8. De skal bera fram brennoffer som angar godt for Herren: ein okse, ein ver og sju årsgamle lam. Og dei må vera utan lyte.

9. Grødeofferet som høyrer til, skal vera kveitemjøl, blanda med olje, tre tiandedels efa for oksen, to tiandedels efa for veren

10. og ein tiandedels efa for kvart av dei sju lamma.

11. Ein bukk skal de bera fram som syndoffer attåt soningssyndofferet og det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkoffera som høyrer til.

12. Den femtande dagen i den sjuande månaden skal de halda ei heilag samling. Då må de ikkje gjera noko arbeid. I sju dagar skal de halda høgtid for Herren.

13. De skal bera fram brennoffer, eldoffer som angar godt for Herren: tretten unge oksar, to verar og fjorten årsgamle lam; og dei må vera utan lyte.

14. Grødeofferet som høyrer til, skal vera kveitemjøl, blanda med olje, tre tiandedels efa for kvar av dei tretten oksane, to tiandedels efa for kvar av dei to verane

15. og ein tiandedels efa for kvart av dei fjorten lamma.

16. Ein bukk skal de bera fram som syndoffer, attåt det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkofferet som høyrer til.

17. Den andre dagen skal de ofra tolv unge oksar, to verar og fjorten årsgamle, lytelause lam.

18. Grødeofferet og drikkoffera som høyrer til, skal svara til talet på oksar, verar og lam, som det er gjeve påbod om.

19. Ein bukk skal de bera fram som syndoffer, attåt det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkoffera som høyrer til.

20. Den tredje dagen skal de ofra elleve oksar, to verar og fjorten årsgamle, lytelause lam.

21. Grødeofferet og drikkoffera som høyrer til, skal svara til talet på oksar, verar og lam, som det er gjeve påbod om.

22. Ein bukk skal de bera fram som syndoffer, attåt det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkofferet som høyrer til.

23. Den fjerde dagen skal de ofra ti oksar, to verar og fjorten årsgamle, lytelause lam.

24. Grødeofferet og drikkoffera som høyrer til, skal svara til talet på oksar, verar og lam, som det er gjeve påbod om.

25. Ein bukk skal de bera fram som syndoffer, attåt det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkofferet som høyrer til.

26. Den femte dagen skal de ofra ni oksar, to verar og fjorten årsgamle, lytelause lam.

27. Grødeofferet og drikkoffera som høyrer til, skal svara til talet på oksar, verar og lam, som det er gjeve påbod om.

28. Ein bukk skal de bera fram som syndoffer, attåt det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkofferet som høyrer til.

29. Den sjette dagen skal de ofra åtte oksar, to verar og fjorten årsgamle, lytelause lam.

30. Grødeofferet og drikkoffera som høyrer til, skal svara til talet på oksar, verar og lam, som det er gjeve påbod om.

31. Ein bukk skal de bera fram som syndoffer, attåt det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkoffera som høyrer til.

32. Den sjuande dagen skal de ofra sju oksar, to verar og fjorten årsgamle, lytelause lam.

33. Grødeofferet og drikkoffera som høyrer til, skal svara til talet på oksar, verar og lam, som det er gjeve påbod om.

34. Ein bukk skal de bera fram som syndoffer, attåt det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkofferet som høyrer til.

35. Den åttande dagen skal de halda høgtidssamling. Då må de ikkje gjera noko arbeid.

36. De skal bera fram brennoffer, eldoffer som angar godt for Herren: ein okse, ein ver og sju årsgamle, lytelause lam.

37. Grødeofferet og drikkoffera som høyrer til, skal svara til talet på oksar, verar og lam, som det er gjeve påbod om.

38. Ein bukk skal de bera fram som syndoffer, attåt det daglege brennofferet med grødeofferet og drikkofferet som høyrer til.

39. Desse offera skal de bera fram for Herren på høgtidene, attåt lovnadsoffera og dei friviljuge offera, anten det er brennoffer, grødeoffer, drikkoffer eller måltidsoffer.