Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 10 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Trompetsignal og oppbrot

1. Herren sa til Moses:

2. Lag deg to trompetar av hamra sølv! Dei skal du bruka når du kallar saman folket, og når leiren skal flyttast.

3. Blæs dei i begge trompetane, skal heile folket samla seg hjå deg framfor møteteltdøra.

4. Blæs dei berre i den eine, skal hovdingane, førarane for Israels fylkingar, samlast hjå deg.

5. Men blæs de alarm, skal dei som har leiren sin i aust, ta i veg.

6. Og blæs de alarm andre gongen, skal dei som har leiren sin i sør, ta i veg. Alarmen skal vera signal til oppbrot.

7. Når de kallar folket saman, skal de gje signal, men ikkje blåsa alarm.

8. Det er prestane, Arons-sønene, som skal blåsa i trompetane. Dette skal vera ei fast lov for dykk, frå ætt til ætt.

9. Når de dreg i krig i dykkar eige land mot ein fiende som tek på dykk, skal de blåsa alarm på trompetane. Då skal Herren dykkar Gud koma dykk i hug og berga dykk frå fiendane.

10. Og på glededagane og høgtidene og nymånedagane skal de blåsa i trompetane når de ber fram brennoffer og måltidsoffer. Det skal vera ei påminning om dykk hjå dykkar Gud. Eg er Herren dykkar Gud.

Israelittane tek ut frå Sinai

11. I det andre året, den tjuande dagen i den andre månaden, lyfte skya seg frå lovteltet.

12. Då tok israelittane ut frå Sinai-øydemarka og drog fram, dagslei etter dagslei. Skya stogga i Paran-øydemarka.

13. Dette var fyrste gongen dei tok ut, og dei gjorde det på Herrens bod gjennom Moses.

14. Den fyrste fylkinga som tok ut frå leiren, var Juda-sønene, flokk etter flokk. Naksjon, son til Amminadab, var førar for hæren deira.

15. Hærføraren for Jissakars-ætta var Netanel, son til Suar.

16. Og føraren for Sebulons-ætta var Eliab, son til Helon.

17. Så vart heilagdomen teken ned, og dei som skulle bera han, Gersjon-sønene og Merari-sønene, tok i veg.

18. Fylkinga åt Rubens-sønene tok ut frå leiren, flokk etter flokk. Og Elisur, son til Sjede’ur, var føraren deira.

19. Førar for Simeons-ætta var Sjelumiel, son til Surisjaddai.

20. Og førar for Gads-ætta var Eljasaf, son til De’uel.

21. Så tok Kehat-sønene i veg, dei som bar dei heilage tinga. Før dei kom fram, skulle heilagdomen reisast.

22. Den fylkinga som så tok ut frå leiren, var Efraims-sønene, flokk etter flokk. Og førar for hæren deira var Elisjama, son til Ammihud.

23. Førar for Manasse-ætta var Gamliel, son til Pedasur.

24. Og førar for Benjamins-ætta var Abidan, son til Gidoni.

25. Fylkinga åt Dans-sønene, som var baktropp, tok så ut frå leiren, flokk etter flokk. Og førar for hæren deira var Akieser, son til Ammisjaddai.

26. Førar for Asjers-ætta var Pagiel, son til Okran.

27. Og førar for Naftali-ætta var Akira, son til Enan.

28. Såleis var israelittane fylka då dei tok i veg, kvar flokk for seg.

29. Moses sa til verbror sin, Hobab, son til Re’uel frå Midjan: «No tek vi ut og fer til den staden som Herren sa at han ville gje oss. Kom og ver med oss, så skal vi gjera vel imot deg. For Herren har lova Israel alt det som godt er.»

30. Hobab svara: «Nei, eg vil fara heim til mitt eige land og mi eiga ætt.»

31. Då sa Moses: «Gå ikkje frå oss! Du veit best kvar vi skal slå leir i øydemarka. Du må vera vegvisar for oss.

32. Går du med oss, skal vi dela med deg det gode som Herren gjev oss.»

33. Så tok dei ut frå Herrens fjell og drog tre dagsleier fram. Og Herrens paktkiste fór føre dei alle tre dagane. Ho skulle finna ein stad der dei kunne slå seg ned.

34. Når dei tok ut frå leiren, heldt Herrens sky seg over dei om dagen.

35. Kvar gong kista tok ut, sa Moses: «Reis deg, Herre!Lat dine fiendar verta spreiddeog dine motstandarar røma ¬for deg!»

36. Og når ho slo seg ned, sa han:«Kom attende, Herre,til dei mange tusen ¬i Israels ætter!»