Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 4 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Arbeidet åt levittane ved møteteltet

1. Herren tala til Moses og Aron og sa:

2. Du skal halda manntal over Kehat-sønene som høyrer levittane til, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein,

3. alle menn som er mellom tretti og femti år. Dei skal gjera teneste og arbeida ved møteteltet.

4. Det som Kehat-sønene skal ta seg av i møteteltet, er dei høgheilage tinga.

5. Når leiren skal flyttast, skal Aron og sønene hans gå inn, ta ned forhenget og breia det over lovkista.

6. På forhenget skal dei leggja ein duk av delfinskinn, og over det att skal dei breia eit klede som er av fiolett purpur heilt igjennom. Så skal dei setja berestengene i.

7. Over skodebrødsbordet skal dei breia eit klede av fiolett purpur, og på det skal dei setja fata, skålene, bollane og kannene til drikkofferet. Brødet som støtt skal liggja der, skal dei ikkje ta bort.

8. Og over alt dette skal dei breia eit klede av karmosinraud ull. Så skal dei leggja eit teppe av delfinskinn over og setja berestengene i.

9. Dei skal ta eit klede av fiolett purpur og breia over ljosestaken og lampene, ljosesaksene, pannene og alle oljekrukkene som dei brukar når dei steller staken.

10. Både ljosestaken og alle reiskapane som høyrer til, skal dei leggja eit teppe av delfinskinn over og setja det på ei båre.

11. Over det gullkledde altaret skal dei breia eit klede av fiolett purpur. Så skal dei leggja eit teppe av delfinskinn over og setja berestengene i.

12. Alle reiskapane som dei brukar når dei gjer teneste i heilagdomen, skal dei leggja i eit klede av fiolett purpur. Så skal dei dekkja dei med eit teppe av delfinskinn og setja dei på ei båre.

13. Altaret skal dei reinska for oske og breia eit klede av purpurraud ull over det.

14. Oppå det skal dei leggja alle dei reiskapane som dei brukar når dei gjer altarteneste: glopannene, kjøtgaflane, eldskuflene og offerskålene, alle reiskapane som høyrer altaret til. Så skal dei breia ein duk av delfinskinn over det og setja berestengene i.

15. Når leiren skal flyttast, og Aron og sønene hans er ferdige med å breia over heilagdomen og alle reiskapane som høyrer han til, skal Kehat-sønene koma og bera. Men dei må ikkje røra det heilage. Gjer dei det, skal dei døy. Dette er det Kehat-sønene skal bera av det som høyrer møteteltet til.

16. Elasar, son til Aron, presten, skal syta for oljen til ljosestaken, den velluktande røykjelsen, det daglege grødeofferet og salvingsoljen. Han skal ha tilsyn med heile heilagdomen og alt som der er, både heilagdomen og kara som høyrer til.

17. Herren sa til Moses og Aron:

18. Lat ikkje ættgreina åt Kehat-sønene verta utrudd or Levi-ætta!

19. Slik skal de bera dykk åt så dei ikkje skal døy, men berga livet når dei kjem nær dei høgheilage tinga: Aron og sønene hans skal gå og setja kvar mann til det arbeidet han skal gjera, og seia kva han skal bera.

20. Men Kehat-sønene må ikkje gå inn, ikkje så mykje som ein augneblink, og sjå dei heilage tinga. For då skal dei døy.

21. Herren sa til Moses:

22. Gersjon-sønene skal du òg ta talet på, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein.

23. Alle menn som er mellom tretti og femti år, skal du mønstra. Dei skal gå inn i tenesta og arbeida med møteteltet.

24. Dette er det arbeidet Gersjon-ættene skal gjera, og det dei skal bera:

25. Dei skal bera teltdukane som høyrer heilagdomen til, teppet av delfinskinn som ligg over møteteltet, teppet til teltdøra,

26. omhenget rundt føregarden som er kring heilagdomen og altaret, teppet i porten til føregarden og snorene og alle reiskapane som dei treng til arbeidet. Alt som er å gjera med dette, skal dei ta seg av.

27. Det arbeidet Gersjon-sønene gjer, alt det dei ber og gjer, skal gjerast etter påbod frå Aron og sønene hans. De må sjå til at dei tek vare på alt det dei skal bera.

28. Dette er det arbeidet Gersjon-ættene har å gjera med møteteltet. Og Itamar, son til Aron, presten, skal ha tilsyn med tenesta deira.

29. Så skal du mønstra Merari-sønene, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein.

30. Alle menn som er mellom tretti og femti år, skal du mønstra. Dei skal gå inn i tenesta og arbeida med møteteltet.

31. Og dette er det dei skal syta for å bera når dei arbeider med møteteltet: plankane i heilagdomen, tverrstengene, stolpane og fotstykka,

32. og stolpane rundt føregarden med fotstykke, pluggar og snorer, all reiskapen og alt dei treng til arbeidet. De skal nemna kvar ting som dei skal syta for å bera.

33. Dette er det arbeidet Merari-ættene har å gjera med møteteltet. Og Itamar, son til Aron, presten, skal ha tilsyn med det.

34. Moses og Aron og hovdingane over folket mønstra så Kehat-sønene, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein.

35. Alle menn som var mellom tretti og femti år, gjekk inn i tenesta og arbeidde med møteteltet.

36. Talet på dei som vart mønstra, ætt for ætt, var 2 750.

37. Så mange av Kehat-ættene vart mønstra til arbeid med møteteltet. Det var Moses og Aron som mønstra dei etter Herrens ord gjennom Moses.

38. Så vart Gersjon-sønene mønstra, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein.

39. Alle menn som var mellom tretti og femti år, gjekk inn i tenesta og arbeidde med møteteltet.

40. Talet på dei som vart mønstra, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein, var 2 630.

41. Så mange av Gersjon-ættene vart mønstra til arbeid med møteteltet. Det var Moses og Aron som mønstra dei etter Herrens ord.

42. Så vart Merari-sønene og ættene deira mønstra, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein.

43. Alle menn som var mellom tretti og femti år, gjekk inn i tenesta og arbeidde med møteteltet.

44. Talet på dei som vart mønstra, ætt for ætt, var 3 200.

45. Så mange av Merari-ættene vart mønstra. Det var Moses og Aron som mønstra dei etter Herrens ord gjennom Moses.

46. No hadde Moses og Aron og Israels hovdingar mønstra levittane, ætt for ætt og ættgrein for ættgrein,

47. alle menn som var mellom tretti og femti år, alle som skulle gå inn i tenesta og arbeida med møteteltet og bera det som høyrer til.

48. Og talet på dei som vart mønstra, var 8 580.

49. Etter Herrens ord gjennom Moses vart dei mønstra, og dei fekk kvar sitt arbeid å gjera og kvar si bør å bera. Mønstringa gjekk føre seg så som Herren hadde sagt til Moses.