Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Israelittane speidar ut Kanaan

1. Herren tala til Moses og sa:

2. «Send nokre menn for å speida ut Kanaan-landet, som eg vil gje israelittane. Ein mann for kvar fedreætt skal de senda, og alle skal vera hovdingar.»

3. Så sende Moses ut nokre menn frå Paran-øydemarka, som Herren hadde sagt, og alle var hovdingar mellom israelittane.

4. Dette er namna på speidarane: for Rubens-ætta Sjammua, son til Sakkur;

5. for Simeons-ætta Sjafat, son til Hori;

6. for Juda-ætta Kaleb, son til Jefunne;

7. for Jissakars-ætta Jigal, son til Josef;

8. for Efraims-ætta Hosea, son til Nun;

9. for Benjamins-ætta Palti, son til Rafu;

10. for Sebulons-ætta Gaddiel, son til Sodi;

11. for Josefs-ætta, det vil seia Manasse-ætta, Gaddi, son til Susi;

12. for Dans-ætta Ammiel, son til Gemalli;

13. for Asjers-ætta Setur, son til Mikael;

14. for Naftali-ætta Nakbi, son til Vofsi;

15. for Gads-ætta Ge’uel, son til Maki.

16. Det var namna på dei mennene som Moses sende for å speida ut landet. Men han gav Hosea, son til Nun, namnet Josva.

17. Då Moses sende dei av stad for å speida ut Kanaan-landet, sa han til dei: «Far opp til Negev, og ta så opp i fjellet!

18. Sjå korleis landet er laga, og om folket som bur der, er sterkt eller veikt, lite eller stort.

19. Korleis er det landet dei bur i, er det godt eller ringt? Kva slag byar held dei til i, er det leirar eller festningsbyar?

20. Og korleis er jorda, feit eller skrinn? Veks det tre der eller ikkje? Ver modige og ta med dykk noko av frukta i landet!» Det var på den tid då dei fyrste druene vart mogne.

21. Så tok dei av stad og speida ut landet frå Sin-øydemarka til Rehob ved Lebo-Hamat.

22. Dei fór opp gjennom Negev og kom til Hebron. Der budde anakittane Akiman, Sjesjai og Talmai. – Hebron var bygt sju år før Soan i Egypt.

23. Då dei kom til Esjkol-dalen, skar dei av ei vinranke med ein drueklase. To mann laut bera han mellom seg på ei stong. Dei tok òg med seg nokre granateple og fikenar.

24. Den staden vart sidan kalla Esjkol-dalen, etter den drueklasen som israelittane skar av der.

25. Då det leid av førti dagar, kom dei attende etter å ha speida ut landet.

26. Dei fann Moses og Aron og heile Israels-folket i Kadesj i Paran-øydemarka. Dei gav melding til dei og til alle som var samla, og synte dei frukta frå landet.

27. Til Moses sa dei: «Vi kom inn i det landet du sende oss til. Det fløymer med mjølk og honning, og her er frukta som veks der.

28. Men folket som bur i landet, er sterkt, og byane er som borger og sværande store. Der såg vi anakittar òg.

29. I Negev bur det amalekittar, i fjell-landet hetittar, jebusittar og amorittar, og utmed havet og langs Jordan bur kanaanearane.»

30. Då tok folket til å murra mot Moses, men Kaleb stagga dei og sa: «Vi vil fara opp og leggja landet under oss. Vi skal nok ta det.»

31. Men dei mennene som hadde vore med han, sa: «Vi kan ikkje gå imot dette folket, for dei er sterkare enn vi.»

32. Den meldinga dei gav israelittane om det landet dei hadde speida ut, var nedslåande. Dei sa: «Det landet vi fór igjennom og speida ut, er eit land som gjer ende på dei som slår seg ned i det. Og alle mennene vi såg der, var store og sterke.

33. Der såg vi kjemper òg, anakittar av kjempeætt. Vi tykte at vi var som grashopper mot dei, og det tykte nok dei òg.»