Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 5 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Du menneske, ta eit kvast sverd, bruk det til rakekniv på deg, og far over hovudet og skjegget med det! Ta så ei skålvekt og del både hår og skjegg!

2. Ein tredjepart skal du brenna midt i byen, når kringsetjingsdagane er over; ein tredjepart skal du ta og hogga opp med sverdet rundt ikring byen, og ein tredjepart skal du spreia for vinden. Med drege sverd vil eg setja etter dei.

3. Nokre få hår skal du ta unna og samla i kappesnippen din.

4. Av dei skal du ta nokre, kasta dei midt inn i elden og brenna dei opp. Derifrå skal elden spreia seg over heile Israels-ætta.

5. Så seier Herren Gud: Denne byen, Jerusalem, har eg sett midt imellom folkeslaga, og landa har eg lagt ikring han.

6. Men folket der sette seg opp mot lovene mine og var ugudelegare enn dei andre folka; dei trassa føreskriftene mine meir enn landa ikring. For dei vraka lovene mine og fylgde ikkje føreskriftene mine.

7. Difor seier Herren Gud: De har rasa verre enn folkeslaga rundt ikring dykk. For mine føreskrifter har de ikkje fylgt, og mine lover har de ikkje halde. De har ikkje eingong levt etter lovene åt grannefolka dykkar.

8. Difor seier Herren Gud: Sjå, no kjem eg imot deg. Eg vil halda dom hjå deg for augo på dei andre folka.

9. Fordi du har gjort så mykje stygt, vil eg gjera mot deg noko som eg ikkje før har gjort og aldri meir kjem til å gjera.

10. Difor skal foreldre hjå deg eta borna sine, og born skal eta foreldra sine. Eg held dom hjå deg, og dei som då vert att, spreier eg for alle vindar.

11. Difor, så sant eg lever, lyder ordet frå Herren Gud, fordi du har gjort heilagdomen min urein med alle dei ufyselege gudane dine og all styggedomen din, skal eg sanneleg hogga deg ned. Eg vil ikkje visa medkjensle eller skånsel.

12. Ein tredjepart av dykk skal døy av pest eller gå til av svolt i byen, ein tredjepart skal falla for sverd rundt ikring han, og ein tredjepart vil eg spreia for alle vindar og forfylgja med drege sverd.

13. Min vreide skal få fritt løp. Eg vil stilla min harme på dei og ta hemn. Då skal dei sanna at eg, Herren, har tala i min brennhug, når eg lèt all min harme gå ut over dei.

14. Eg gjer deg til ein grushaug, til spott for folka som bur ikring deg, så alle som fer framom, kan sjå det.

15. Du skal verta til spott og hån, til skrekk og åtvaring for grannefolka, når eg held dom over deg med vreide og harme og hard tukt. Eg, Herren, har tala.

16. Då sender eg inn imellom dykk dei vonde hungerspilene som er etla til å tyna. Eg sender dei for å tyna dykk. Eg lèt hungeren verta hard og bryt sund brødstaven for dykk.

17. Svolt og udyr sender eg mot deg, og dei skal gjera deg barnlaus. Pest og drap skal heimsøkja deg, og eg sender sverd imot deg. Eg, Herren, har tala.