Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Kvar får att etter det han har gjort

1. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

2. Korleis kan de bruka dette ordtaket i Israel:Fedrane åt sure druer,og borna fekk ringe tenner.

3. Så sant eg lever, seier Herren Gud: De får ikkje bruka dette ordtaket meir i Israel.

4. Eg rår for alt liv, både for far og son. Den som syndar, han skal døy.

5. Om ein mann er rettferdig og gjer rett og rettferd,

6. då et han ikkje offerkjøt på haugane og lyfter ikkje augo til avgudane som Israels-ætta dyrkar. Han krenkjer ikkje kona åt nesten sin og kjem ikkje nær ei kvinne når ho er urein.

7. Han er ikkje hard med nokon, men lèt skuldmannen få pantet sitt att. Han ranar og røvar ikkje, men gjev den svoltne brød og den nakne klede.

8. Han låner ikkje ut for renter og driv ikkje åger. Han held si hand frå urett, og dømer rett når mann ligg i strid med mann.

9. Han fylgjer mine føreskrifter og tek trufast vare på mine lover. Den som gjer det, er rettferdig, og han skal få leva, lyder ordet frå Herren Gud.

10. Men så kan det henda at den rettferdige får ein son som vert ein røvar og drapsmann og gjer ei av desse syndene

11. som faren aldri har gjort. Han et jamvel offerkjøt på haugane og krenkjer kona åt nesten sin.

12. Han er hard med dei arme og fattige, ranar og røvar og gjev ikkje pantet att. Han lyfter augo til avgudane og fer med annan styggedom.

13. Han låner ut for renter og driv åger – og så skulle han få leva! Nei, han skal ikkje få leva. Når han gjer alt dette stygge, skal han sanneleg døy. Han er sjølv skuld i sin død.

14. Men så kan det henda at han får ein son som ser alle syndene faren har gjort, og lèt seg skræma av det, så han ikkje gjer det same.

15. Han et ikkje offerkjøt på haugane, lyfter ikkje augo til avgudane som Israels-ætta dyrkar, og krenkjer ikkje kona åt nesten sin.

16. Han er ikkje hard med nokon, tek ikkje pant og ranar og røvar ikkje, men gjev den svoltne brød og den nakne klede.

17. Han legg ikkje hand på ein stakkar og tek ikkje renter og driv ikkje åger, men lever etter mine lover og fylgjer mine føreskrifter. Han skal ikkje døy fordi far hans har synda. Nei, han skal sanneleg leva.

18. Men far hans, som gjorde valdsverk, som rana og røva frå nesten sin og gjorde det som vondt er midt imellom landsmennene sine, han må døy for si synd og skuld.

19. De vil kanskje spørja: «Kvifor skal ikkje sonen bera skulda åt faren?» Jau, sonen har gjort rett og rettferd; han har halde mine føreskrifter og levt etter dei. Difor skal han få leva.

20. Den som syndar, han skal døy. Men ein son skal ikkje bera skulda åt faren, og ein far skal ikkje bera skulda åt sonen. Den som gjer rett, skal få att for si rettferd, og den som gjer vondt, skal råkast av sin vondskap.

21. Når ein syndar vender om frå alle syndene sine, når han held alle mine føreskrifter og gjer rett og rettferd, då skal han ikkje døy, men leva.

22. Alle misgjerningane hans skal vera gløymde. Han skal leva fordi han har gjort rett.

23. Skulle eg ha hugnad i at den gudlause døyr? seier Herren Gud. Nei, eg vil at han skal venda om frå si ferd og leva.

24. Men når ein rettferdig vender seg bort frå si rette ferd og gjer urett, allslags styggedom som dei gudlause gjer, skulle han då få leva? Alle dei rettferdige gjerningar han har gjort, skal vera gløymde. Han skal døy fordi han var trulaus og synda.

25. No vil de kanskje seia: «Herren går ikkje fram på rett vis.» Høyr då, Israels ætt! Går eg ikkje fram på rett vis? Det er de som ikkje gjer rett.

26. Når ein rettferdig vender seg bort frå si rette ferd og gjer urett, skal han døy på grunn av det. For den uretten han har gjort, skal han døy.

27. Men når den gudlause vender om frå sin vondskap og gjer rett og rettferd, då skal han berga livet.

28. Han såg alle syndene han hadde gjort, og vende om frå dei. Difor skal han ikkje døy, men leva.

29. Atter vil israelittane seia: «Herren går ikkje fram på rett vis.» Går eg ikkje fram på rett vis, israelittar? Det er de som ikkje gjer rett.

30. Difor vil eg døma dykk, Israels ætt, så kvar og ein får att etter det han har gjort, lyder ordet frå Herren Gud. Vend om, vend om frå alle dykkar brot, så inga skuld skal fella dykk.

31. Hald opp med alle dei brot som de gjer dykk skuldige i, og få dykk eit nytt hjarta og ei ny ånd! Kvifor vil de døy, de israelittar?

32. Eg vil ikkje at nokon skal døy, seier Herren Gud. Vend om, så skal de leva!