Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Den falne sederen

1. I det ellevte året, den fyrste dagen i den tredje månaden, kom Herrens ord til meg, og det lydde så:

2. Menneske, tal til farao, kongen i Egypt, og til folkehopen der:Kven liknar du i din stordom?

3. Sjå på Assyria!Det var som ein seder ¬på Libanon,med fagre greiner, ¬høg av vokster,som ein skuggefull skog.Krona rakk opp ¬mellom skyene.

4. Vatnet fekk sederen til å veksa,vatnet i djupet gjorde han høg.Det hadde sine årerrundt staden der han ¬var planta,og rann i bekker ¬til alle tre på marka.

5. Difor vart sederen høgareenn alle andre tre på marka.Greinene vart mange ¬og kvistene lange,fordi han fekk rikeleg med vatnog breidde seg utover.

6. Alle slag fuglar ¬under himmelenbygde seg reir ¬i greinene på sederen;alle dyr på markafødde sine ungar ¬under lauvverket hans;og i skuggen av treetheldt mange folkeslag til.

7. Sederen vart stor og fagermed sine lange greiner;for røtene nådde så langt nedat dei fekk rikeleg med vatn.

8. Ingen seder i Guds hagekunne mæla seg med han;ingen sypress ¬hadde slike greinerog ingen platan så rikt lauvverk.Det fanst ikkje eit tre ¬i Guds hagesom var så fagert som han.

9. Så fager hadde eg gjort hanmed ein rikdom av greinerat alle Eden-tre i Guds hagevart avundsjuke på han.

10. Difor seier Herren Gud: Fordi sederen vart så høg av vokster at han tøygde krona si opp mellom skyene, og fordi han vart stolt av sin stordom,

11. gav eg han over til hovdingen over folka, så han kunne gjera med han etter hans vondskap og driva han bort.

12. Framande folkeslag, som ikkje tok omsyn, hogg han ned og slengde han bortover fjella. Greinene datt ned i alle dalar, og lauvverket vart rive sund i alle bekkefar i landet. Alle folk på jorda gjekk ut or skuggen hans og lét han liggja.

13. På den falne stomnen slo alle fuglar under himmelen seg ned, og til lauvverket kom alle dyr på marka.

14. Difor skal ikkje noko tre som står attmed vatn, veksa for høgt og tøya krona si opp mellom skyene. Og dei sterkaste av dei, dei som syg til seg vatn, skal ikkje stå der så stolte. For dei er alle gjevne døden i vald og må fara til landet der nede, til menneske som har gått i grav.

15. Så seier Herren Gud: Den dagen sederen fór til dødsriket, lét eg havdjupet syrgja over han. Eg dekte det til og stogga straumane der; mengder av vatn vart haldne att. Eg kledde Libanon i svart for sederen skuld, og alle tre på marka turka bort av sorg over han.

16. Eg lét han falla med slikt brak at folkeslag skalv, då eg førte han ned til dødsriket saman med dei som går i grav. I landet der nede fekk dei trøyst, alle dei likaste Eden-trea, alle dei beste på Libanon, som saug til seg vatn.

17. Dei òg laut fara til dødsriket saman med sederen, ned til dei som var falne for sverd. Og dei som heldt til i skuggen av treet, vart strøydde ut mellom folkeslaga.

18. Kven er du då lik mellom trea i Eden i herlegdom og høgd? Saman med Eden-trea skal du støytast ned til dødsriket. Der skal du liggja mellom uomskorne, mellom dei som er drepne med sverd. Så går det med farao og heile hans hop, lyder ordet frå Herren Gud.