Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 30 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Herrens dag er nær for Egypt

1. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

2. Menneske, tal profetord og sei:Så seier Herren Gud:Klag og rop: Å, for ein dag!

3. Dagen er nær, ¬ja, Herrens dag er nær.Det er ein dag ¬med mørke skyer,ei tid med dom over folkeslag.

4. Det kjem eit sverd mot Egypt.I Nubia skal folket skjelva ¬av angstnår egyptarar vert drepne ¬og fell,når rikdomen deira vert tekenog grunnmurane ¬vert nedrivne.

5. Dei som bur i Nubia, ¬Put og Lud,alt blandingsfolket ¬og libyarane,og menn i landet ¬som dei har pakt med,skal falla for sverd ¬saman med dei.

6. Så seier Herren:Dei som støttar egyptarane, ¬skal falla,deira stolte makt ¬skal bryta saman;frå Migdol til Syene ¬skal dei falla for sverd,lyder ordet frå Herren Gud.

7. Egypt skal liggja audt ¬mellom øydelagde land,og byane skal liggja ¬mellom øydelagde byar.

8. Då skal dei sanna ¬at eg er Herren,når eg set eld på Egypt,og alle som hjelper landet, ¬vert knuste.

9. Den dagen skal sendebod ¬frå meg dra av stad,dei dreg ut på skipfor å skræma ¬dei trygge nubiarane.Dei skal skjelva av angstnår dagen kjem for Egypt.Ja sjå, han kjem!

10. Så seier Herren Gud:Eg lèt Nebukadnesar, ¬kongen i Babylonia,gjera ende på ¬den ståkande hopen i Egypt.

11. Han og folket hans med han,dei verste valdsmenn ¬mellom folka,skal koma dit og herja landet.Dei skal dra sine sverd ¬mot Egyptog fylla landet med drepne.

12. Eg lèt elvane turka utog sel landet til vonde menn.Både det og alt som er i det,lèt eg framande øydeleggja.Eg, Herren, har tala.

13. Så seier Herren Gud:Eg vil gjera ende på avgudane,rydja ut dei gagnlause gudane ¬i Nof;det skal aldri meir ¬vera nokon fyrste i Egypt.Såleis spreier eg redsle i landet.

14. Eg legg Patros i øyde,set eld på Soanog held dom over No.

15. Eg lèt min harme ¬gå ut over Sin,den sterke festningsbyen ¬i Egypt,og rydjar ut folkehopen i No.

16. Når eg set eld på Egypt,må Sin vri seg og skjelva.No vert storma av fiendar,og Nof vert teke ¬midt på ljose dagen.

17. Dei unge menn i On ¬og Pi-Besetskal falla for sverd,dei andre må fara ¬i fangenskap.

18. I Takpanhes vert dagen mørk;der bryt eg styrarstavane ¬i Egypt,så den stolte makta i landet ¬tek slutt.Mørke skyer ¬skal liggja over byen,døtrene der ¬må fara i fangenskap.

19. Eg fullfører domen over Egypt,og dei skal sanna ¬at eg er Herren.

Faraos makt er broten

20. I det ellevte året, den sjuande dagen i den fyrste månaden, kom Herrens ord til meg, og det lydde så:

21. Menneske, eg har brote armenpå farao, kongen i Egypt.Sjå, ingen har fetla han,så han kan verta frisk att.Ingen har lagt forbinding ¬på han,så han vert sterk nok ¬til å gripa sverdet.

22. Difor seier Herren Gud:No går eg mot farao, ¬kongen i Egypt.Eg vil knekkja armane hans,både den sterke og den brotne,og sverdet slår eg ¬or handa hans.

23. Så spreier eg egyptarane ¬mellom folkaog strøyer dei ut i landa.

24. Eg gjer babylonarkongens ¬armar sterkeog gjev han sverdet mitt ¬i handa;men armen til farao bryt eg,så han ligg for hans føterog styn med banesår.

25. Når eg gjer babylonarkongens ¬armar sterke,men lèt faraos armar siga,då skal de sanna ¬at eg er Herren.For eg legg mitt sverd ¬i babylonarkongens hand,og han retter det mot Egypt.

26. Når eg spreier egyptarane ¬mellom folkaog strøyer dei ut i landa,då skal dei sanna ¬at eg er Herren.