Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 27 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Klagesong over Tyrus

1. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

2. Du menneske, set i med ein klagesong over Tyrus!

3. Sei til Tyrus som ligg der med ope tilgjenge til havet, og som handlar med folk på mange strender:Så seier Herren Gud:Tyrus, du har sagt ¬om deg sjølv:«Fullkomen er eg i venleik.»

4. Midt uti havet ¬går dine grenser;dei som bygde deg,gjorde deg storfager.

5. Av sypressar frå Senirlaga dei alle dine plankar;sedrar henta dei frå Libanonog bygde deg ei mast.

6. Årane dine laga deiav store tre frå Basanog stamnen, ¬innlagd med elfenbein,av sypressar ¬frå kittearstrendene.

7. Seglet, ¬som skulle vera ditt merke,var av fargerikt lin frå Egypt,og taket i kahytta av purpur,raudt og fiolett, ¬frå Elisja-strendene.

8. Folk frå Sidon og Arvadvar rorskarar hjå deg, Tyrus,og dei mest dugande ¬mennene dinehadde du til styrmenn.

9. Gamle og kunnige menn ¬frå Byblosvar hjå deg ¬og bøtte skadane dine.Alle skip på havet ¬og sjømennene om bordkom til deg og bytte varer.

10. Menn frå Persia, Lud og Putgjorde teneste i hæren din.Skjold og hjelmar ¬hengde dei opp hjå deg,og dei kasta glans over deg.

11. Menn frå Arvad stod saman med krigarane dine rundt ikring på murane, og dei var vaktmenn i tårna. Skjolda sine hengde dei opp rundt ikring på murane dine. Såleis gjorde dei deg fullkomleg fager.

12. Tarsis handla med deg fordi du hadde så mykje av alle slag varer. Det dei kjøpte av deg, betalte dei med sølv og jern, tinn og bly.

13. Javan, Tubal og Mesjek dreiv handel med deg. Dei gav deg trælar og bronsekar i byte.

14. Frå folket i Togarma fekk du arbeidshestar, ridehestar og muldyr for varene dine.

15. Folk frå Rhodos handla med deg, ja mange øyar gjorde oppkjøp hjå deg. I staden gav dei deg elfenbein og ibenholt.

16. Edomittane handla med deg fordi du hadde så mange varer. I byte gav dei deg edelsteinar, raudt purpur og fargerikt ty, fint lin, korallar og rubinar.

17. Juda og Israel dreiv handel med deg. Kveite frå Minnit, bakverk, honning, olje og balsam gav dei deg i byte.

18. Damaskus handla med deg fordi du hadde så store mengder med varer og allslags gods. Dei kom med vin frå Helbon og ull frå Sahar.

19. Dan og Javan gav deg varer frå Usal for det dei kjøpte av deg. Smijern, kanel og kalmus fekk du i byte.

20. Dedan dreiv handel med deg; dei selde stoff til rideteppe.

21. Arabarane og alle hovdingane i Kedar dreiv oppkjøp hjå deg. Lam og verar og bukkar gav dei deg i byte.

22. Kjøpmenn frå Saba og Rama handla med deg. Den finaste balsam, alle slag dyre steinar og gull gav dei for varene dine.

23. Folk frå Karan, Kanne og Eden og kjøpmenn frå Saba, Assur og Kilmad dreiv òg handel med deg.

24. På marknaden din selde dei staselege klede og purpurkapper, mangleta ty og teppe i to fargar og snorer som var tvinna fast.

25. Tarsis-skip ¬var dine handelskaravanar.Du var fylt av varer ¬og tungt lastanår du drog langt til havs.

26. Dine rorskarar førte deg ¬i mange farvatn.Men så kjem stormen frå austog knuser deg der ute på havet.

27. Ditt gods ¬og dine handelsvarer,dine sjømenn ¬og dine styrmenn,dei som bøtte skadane dine,dine handelsmenn ¬og alle dine krigarar,heile mannskapet ¬som du hadde om bord,søkk i havet ¬den dagen du går under.

28. Når styrmennene skrik ¬i si naud,må beitemarkene skjelva.

29. Alle rorskarar ¬stig ut or sine skip,kvar sjømann, ¬kvar styrmann går i land.

30. Dei set i og ropar høgtog klagar bittert over deg;dei kastar jord på hovudetog velter seg i oska.

31. For di skuld ¬rakar dei seg snaueog bind syrgjeklede om seg.Med sorg i hugen græt deiog klagar bittert over deg.

32. Dei set i med likklageog syng ein syrgjesong ¬over deg:Kven har vorte tagal ¬som Tyrus,der han ligg midt uti sjøen?

33. Når varene dine ¬kom inn frå havet,metta du mange folkeslag.Med alt ditt gods ¬og alle dine varergjorde du kongar på jorda rike.

34. No er du knust ¬og sokken i havet;varene dine ¬og alt ditt mannskaphar gått til grunne med deg.

35. Alle som bur ¬på havsens strender,fæler når dei tenkjer på deg;kongane deira ¬er stive av skrekkog bleike i andletet av redsle.

36. Kjøpmenn i andre land ¬spottar deg.Du har vorte til skrekk og gru;borte er du for alltid.