Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Sverd skal drepa

1. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

2. Menneske, vend deg mot Jerusalem, forkynn mot heilagdomen, og tal profetord mot Israels-landet!

3. Sei til Israels-landet: Så seier Herren: Sjå, eg kjem over deg. Eg dreg sverdet or slira og rydjar ut både rettferdige og gudlause hjå deg.

4. Fordi eg vil rydja ut både rettferdige og gudlause hjå deg, skal sverdet mitt fara ut or slira mot kvar skapning, frå sør til nord.

5. Alle som lever, skal sanna at eg, Herren, har drege sverdet or slira, og det skal ikkje koma dit att.

6. Men du, menneske, skal stynja, medan det knakar i hoftene. Det skal gjera så vondt at du styn beint framfor augo på dei.

7. Og når dei spør deg kvifor du styn, skal du svara: Fordi det kjem melding om noko som skal henda. Då vert kvart hjarta forskræmt, og alle hender vert slappe. Motet sviktar dei alle, og knea vert som vatn. Sjå, det kjem, det skal henda! lyder ordet frå Herren Gud.

8. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

9. Menneske, tal profetord og sei: Så seier Herren:Eit sverd, ¬ja, eit sverd er kvesst og slipt,

10. kvesst for å brukast til slakting,slipt for å blinka som lyn.– Eller skal vi gleda oss?Ætta til son min ¬vanvørder riset. –

11. Sverdet vart gjeve til sliparen,for at han skulle ta det i handa.Så vart det kvesst og sliptfor å gjevast til den ¬som skulle drepa.

12. Skrik og hyl, du menneske!For sverdet skal råka mitt folkog alle Israels hovdingar.Dei er overlatne til sverdetsaman med mitt folk.Difor skal du slå deg på hofta.

13. For prøvinga kjem.Og kven skal ho råkaom ikkje dei ¬som vanvørder riset?lyder ordet frå Herren Gud.

14. Du menneske, tal profetordog slå i hop hendene!Både to og tre gonger ¬skal sverdet svingast.Det er eit sverd ¬som drep mange,eit veldig sverd ¬som gjev banesår;det trugar dei på alle kantar.

15. Dei skal missa motet,og mange skal falla;ved alle portane deiraset eg sverdet som høgg ned.Å ve, det er laga for å lyna,kvesst blankt for å slakta.

16. Ver kvast og hoggtil høgre og til venstre,dit egga di er vend.

17. Då skal eg òg ¬slå hendene samanog stilla min harme.Eg, Herren, har tala.

18. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

19. Du menneske, merk av to vegar som babylonarkongens sverd kan fylgja. Begge vegane skal gå ut frå eitt og same landet. Og der vegen tek av til ein by, skal du setja opp ein vegvisar

20. der vegane tek til, så sverdet kan fara til Rabba i ammonittlandet og til Juda, som har Jerusalem til fast by.

21. Attmed vegskilet, der dei to vegane byrjar, står babylonarkongen og tek varsel. Han kastar lodd med piler, spør husgudane til råds og ser på levra av offerdyr.

22. I høgre handa får han loddet «Jerusalem». Der skal han reisa stormbukkar, opna munnen og la krigsropet ljoma, eit sterkt krigsrop. Han skal reisa stormbukkar mot portane, kasta opp ein voll og byggja skansar.

23. Folk synest dette er ein falsk spådom. For dei har fått heilage lovnader. Men Herren minner dei om deira skuld, som gjer at dei kjem i fangenskap.

24. Difor seier Herren Gud: De minner sjølve om dykkar skuld, når dykkar brot vert openberre, så synda viser seg i alt de gjer. Fordi dette har vorte kjent om dykk, skal de takast til fange.

25. Og du, gudlause ugjerningsmann, Israels fyrste, tida er komen då du skal få di endelege straff.

26. Så seier Herren Gud: Bort med turbanen, av med krona! Det skal ikkje lenger vera som det var. Gjer det låge høgt og det høge lågt!

27. Eg legg alt i ruinar, berre ruinar. Det er ute med landet til dess han kjem, han som har retten til det. Han vil eg overlata det til.

28. Du menneske, tal profetord og sei: Så seier Herren Gud om ammonittane og spottorda deira: Eit sverd er drege for å slakta,eit sverd som er slipt ¬for å tyna og lyna.

29. Medan du får falske synerog spådomar som er lygn,skal sverdet rettast mot halsenpå gudlause menn ¬som må døy.No er deira time komen,den tid då dei får ¬si endelege straff.

30. Stikk sverdet i slira att!På staden der du vart til,i landet som du er ætta frå,der vil eg døma deg.

31. Eg lèt min harme ¬gå ut over degog blæs min vreideeld ¬mot deg.Eg gjev deg over ¬til harde menneske,som er meistrar ¬til å øydeleggja.

32. Du skal verta til føde for elden,ditt blod skal renna ¬midt i landet,og ingen skal minnast ¬deg meir.Eg, Herren, har tala.