Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 48 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Dette er namna på ættene. Lengst i nord, langs vegen til Hetlon, Lebo-Hamat og Hasar-Enon, ved grensa mot Damaskus i nord og langsmed Hamat, frå aust til vest, skal Dan ha éin lut.

2. Langs Dans-landet, frå aust til vest, skal Asjer ha éin lut.

3. Langs Asjers-landet, frå aust til vest, skal Naftali ha éin lut.

4. Langs Naftali-landet, frå aust til vest, skal Manasse ha éin lut.

5. Langs Manasse-landet, frå aust til vest, skal Efraim ha éin lut.

6. Langs Efraims-landet, frå aust til vest, skal Ruben ha éin lut.

7. Langs Rubens-landet, frå aust til vest, skal Juda ha éin lut.

8. Langs Juda-landet, frå aust til vest, skal de skilja ut eit serskilt landområde. Det skal vera tjuefem tusen alner breitt og så langt som kvar av dei andre lutene, frå austsida til vestsida. Og midt i det skal heilagdomen liggja.

9. Det området de vier som heilag gåve til Herren, skal vera tjuefem tusen alner langt og tjue tusen alner breitt.

10. Det heilage området skal høyra desse til: Prestane skal ha eit stykke som er tjuefem tusen alner langt både i nord og sør og ti tusen alner breitt både i vest og aust. Og midt på det skal heilagdomen liggja.

11. Prestane, dei av Sadok-sønene som er vigsla, dei som sytte for tempeltenesta, og som ikkje fór vilt saman med israelittane så som levittane gjorde,

12. dei skal ha sin del av det landet som er vigt til heilag gåve, ein høgheilag del, attmed landet åt levittane.

13. Levittane skal ha eit like stort stykke som prestane, tjuefem tusen alner langt og ti tusen alner breitt. Heile området skal vera tjuefem tusen alner langt og tjue tusen alner breitt.

14. Dei skal ikkje selja eller byta bort noko av dette. Den beste delen av landet må ikkje gå over til andre; for han er heilag for Herren.

15. Det fem tusen alner breie stykket som er att av det tjuefem tusen alner lange området, skal ikkje vera heilagt; byen skal bruka det til bustader og beitemarker. Og midt i det skal byen liggja.

16. Desse måla skal byen ha: nordsida fire tusen fem hundre alner, sørsida fire tusen fem hundre, austsida fire tusen fem hundre og vestsida fire tusen fem hundre.

17. Beitemarkene kring byen skal vera to hundre og femti alner breie i nord, to hundre og femti i sør, to hundre og femti i aust og to hundre og femti i vest.

18. Av det som er att langs det heilage området, ti tusen alner breitt både i aust og vest, skal grøda brukast til mat for arbeidarane i byen.

19. Arbeidarar frå alle Israels-ættene som bur der, skal dyrka det.

20. Heile det utskilde området skal vera tjuefem tusen alner på kvar kant. Det stykket de set av til eigedom for byen, skal vera fjerdeparten av det heilage området.

21. Fyrsten skal ha det som er att på begge sider av det heilage området og det som høyrer byen til. Det skal gå langs det tjuefem tusen alner lange området til grensa i aust og vestover langs det same området til grensa i vest, attmed lutene åt ættene. Det skal høyra fyrsten til. Og midt imellom skal det utskilde området med tempelheilagdomen liggja.

22. Bortsett frå eigedomen åt levittane og eigedomen åt byen, som ligg mellom dei lutene fyrsten får, skal heile området mellom Juda-landet og Benjamins-landet høyra fyrsten til.

23. Så kjem dei andre ættene: Benjamin, frå aust til vest éin lut;

24. langs Benjamins-landet frå aust til vest: Simeon éin lut;

25. langs Simeons-landet frå aust til vest: Jissakar éin lut;

26. langs Jissakars-landet frå aust til vest: Sebulon éin lut,

27. og langs Sebulons-landet frå aust til vest: Gad éin lut.

28. Langs Gads-landet, på sørsida, skal grensa mot sør gå frå Tamar til Meribat-Kadesj og så til Egyptarbekken og Storhavet.

29. Dette er det landet som de skal skifta ut mellom Israels-ættene. Dei skal ha det til odel og eige, og dette er dei lutene dei skal få, lyder ordet frå Herren Gud.

30. Desse utgangane skal byen ha: På nordsida, som mæler fire tusen fem hundre alner,

31. skal det vera tre portar – og byportane skal ha namn etter Israels-ættene: Rubens-porten, Juda-porten og Levi-porten;

32. på austsida, som mæler fire tusen fem hundre alner, tre portar: Josefs-porten, Benjamins-porten og Dans-porten;

33. på sørsida, som mæler fire tusen fem hundre alner, tre portar: Simeons-porten, Jissakars-porten og Sebulons-porten,

34. og på vestsida, som òg mæler fire tusen fem hundre alner, tre portar: Gads-porten, Asjers-porten og Naftali-porten.

35. Byen skal ha ein omkrins på atten tusen alner. Heretter skal byen bera namnet «Herren er der».