Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Det gagnlause vintreet

1. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

2. Menneske, er vintreet betre enn andre tre, vinranka som står mellom trea i skogen?

3. Kan veden av det brukast til emne, eller kan ein laga ein knagg av han til å hengja alle slag reiskapar på?

4. Når veden vert nytta til brensel, så han vert brend i begge endane og svidd på midten, duger han då til emne?

5. Nei, jamvel då han var uskadd, kunne han ikkje brukast til emne. Kor mykje mindre når elden har brent han så han er svidd!

6. Difor seier Herren Gud: Som eg gjer med vintreet mellom trea i skogen når eg nyttar det til brensel, så gjer eg med folket i Jerusalem,

7. når eg vender meg mot dei. Dei har sloppe frå elden, men elden skal øyda dei. Og då, når eg vender meg mot dei, skal de sanna at eg er Herren.

8. Eg gjer landet til ei audn fordi dei har vore trulause, lyder ordet frå Herren Gud.