Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Vend dykk bort frå gudebileta!

1. Nokre av Israels eldste kom til meg og sette seg framfor meg.

2. Då kom Herrens ord til meg, og det lydde så:

3. Menneske, desse mennene har gjeve avgudane rom i hjarta sitt. Dei ser med glede på slikt som får dei til å falla i synd. Skulle eg då la dei søkja råd hjå meg?

4. Difor skal du tala til dei og seia: Så seier Herren Gud: Det kan henda at ein mann av Israels ætt gjev avgudane rom i hjarta sitt og vender hugen mot det som får han til å falla i synd. Kjem han så til profeten, då vil eg, Herren, sjølv svara han fordi han har så mange gudar.

5. Eg vil gripa Israels-ætta om hjarta, fordi dei har vendt seg bort frå meg og dyrka avgudane sine.

6. Difor skal du seia til Israels-ætta: Så seier Herren Gud: Vend om! Vend dykk bort frå avgudane og frå all den andre styggedomen dykkar!

7. For kvar mann av Israels ætt og kvar innflyttar i Israel som skil seg frå meg og gjev avgudane rom i hjarta sitt, kvar den som vender hugen mot det som får han til å falla i synd, og så kjem til profeten og bed han søkja råd hjå meg, han vil eg, Herren, sjølv svara.

8. Den mannen vil eg venda meg imot og gjera til eit teikn og eit ordtak. Eg vil rydja han ut or folket mitt. Då skal de sanna at eg er Herren.

9. Men lèt profeten seg lokka til å seia eit ord, då er det eg, Herren, som har lokka profeten. Eg vil retta handa mot han og rydja han ut or Israel, folket mitt.

10. Då må begge bera skulda, både profeten og han som spør.

11. Så skal Israels-ætta ikkje lenger villa seg bort frå meg og ikkje lenger gjera seg urein med alle slag synder. Dei skal vera mitt folk, og eg vil vera deira Gud, lyder ordet frå Herren Gud.

Noah, Daniel og Job

12. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

13. Menneske, når eit land syndar mot meg og ber seg trulaust åt, då retter eg ut mi hand mot det og bryt sund brødstaven for det. Eg sender hunger i landet og rydjar ut både folk og fe.

14. Om desse tre mennene, Noah, Daniel og Job, var der, kunne dei med si rettferd berre berga sitt eige liv, seier Herren Gud.

15. Dersom eg lét villdyr fara gjennom landet, og dei gjorde det folketomt, så det vart ei audn der ingen ferdast av redsle for udyra,

16. så kunne desse tre mennene, om dei var der – så sant eg lever, seier Herren Gud – korkje berga søner eller døtrer. Dei kunne berre berga seg sjølve, men landet ville verta ei audn.

17. Eller om eg sende sverd mot landet og sa: «Sverd, far gjennom landet og ryd ut både folk og fe»,

18. då kunne desse tre mennene, om dei var der – så sant eg lever, seier Herren Gud – korkje berga søner eller døtrer. Dei kunne berre berga seg sjølve.

19. Eller om eg sende pest i landet og lét min harme gå ut over det, så eg drap og rudde ut både folk og fe,

20. då kunne Noah, Daniel og Job, om dei var der – så sant eg lever, seier Herren Gud – korkje berga son eller dotter. Ved si rettferd kunne dei berre berga sitt eige liv.

21. Ja, så seier Herren Gud: Når eg sender dei fire harde straffene mine, sverd, svolt, villdyr og pest, mot Jerusalem for å rydja ut både folk og fe i byen,

22. då skal ein rest sleppa unna og få med seg søner og døtrer. Når dei så kjem ut til dykk, og de ser korleis dei ferdast, og kva dei gjer, då skal de finna trøyst etter ulukka som eg førte over Jerusalem, etter alt det vonde eg lét koma over byen.

23. Og dei skal vera dykk til trøyst, når de ser korleis dei ferdast, og kva dei gjer. Då skal de skjøna at det ikkje er utan grunn eg har gjort alt dette mot byen, lyder ordet frå Herren Gud.