Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Kongen og mennene hans skal førast bort

1. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

2. Menneske, du bur midt iblant ei trassig ætt, eit folk som har augo å sjå med, men ikkje ser, og øyro å høyra med, men ikkje høyrer; for ei trassig ætt er dei.

3. Men du, menneske, bu deg som om du skal førast bort, og far av stad om dagen beint for augo på folk! Far bort frå heimen din til ein annan stad, medan dei ser på. Kanskje dei då får augo opna, jamvel om dei er ei trassig ætt.

4. Det du vil ha med deg når du fer bort, skal du bera ut om dagen beint for augo på folk. Og om kvelden skal du fara av stad, medan dei ser på, lik folk som vert bortførte.

5. Bryt deg eit hol i veggen og ber tinga dine ut gjennom det, medan dei ser på.

6. Du skal lyfta dei opp på aksla beint for augo på folk, og når det vert mørkt, skal du fara av stad. Andletet ditt skal du dekkja til, så du ikkje kan sjå landet. Såleis gjer eg deg til eit teikn for Israels ætt.

7. Eg gjorde så som det vart sagt meg. Eg bar tinga mine ut om dagen, som om eg skulle førast bort. Om kvelden braut eg hol i veggen, og då det vart mørkt, bar eg tinga mine bort. Eg tok dei på aksla medan folk stod og såg på.

8. Morgonen etter kom Herrens ord til meg, og det lydde så:

9. Menneske, har ikkje Israel, den trassige ætta, spurt deg: «Kva er det du gjer?»

10. Du skal seia til dei: Så seier Herren Gud: Dette domsordet gjeld fyrsten i Jerusalem og heile den ætta av Israel som er i byen.

11. Og du skal seia: Eg er eit teikn for dykk. Det eg har gjort, skal gjerast med folket i byen. Dei skal førast som fangar til framandt land.

12. Fyrsten som er hjå dei, skal ta tinga sine på aksla og dra bort når det vert mørkt. Dei skal bryta hol i muren og føra han ut gjennom det. Andletet skal han dekkja til, så han ikkje kan sjå landet med sine augo.

13. Men eg vil strekkja ut garnet mitt og fanga han i nettet. Så fører eg han til Babylon i Kaldearlandet, men det får han ikkje sjå. Der skal han døy.

14. Alle som er i lag med han, både medhjelparane og alle hans fylkingar, vil eg spreia for alle vindar og forfylgja med drege sverd.

15. Då skal dei sanna at eg er Herren, når eg spreier dei mellom folkeslaga og strøyer dei ut i landa.

16. Berre nokre få av dei lèt eg sleppa frå sverd og svolt og pest. Og mellom folka som dei kjem til, skal dei fortelja om all den styggedomen dei har vore med på. Då skal dei sanna at eg er Herren.

Herrens ord slår ikkje feil

17. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

18. Menneske! Brødet ditt skal du eta skjelvande, og vatn skal du drikka med otte og age.

19. Og du skal seia til folket i landet: Så seier Herren Gud om dei som bur i Jerusalem i Israels land: Dei skal eta brødet sitt med otte og drikka vatn med redsle. Landet deira og alt som er i det, skal verta uhyggjeleg audt, fordi alle som bur der, har gjort urett.

20. Byane som det no bur folk i, skal leggjast i øyde, og landet skal verta ei audn. Då skal de sanna at eg er Herren.

21. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

22. Menneske! Kva er det for eit ordtak de har i Israels land? De seier: «Dagane går, og alle syner slår feil.»

23. No skal du seia til dei: Så seier Herren Gud: Eg vil gjera ende på dette ordtaket, så dei ikkje skal bruka det meir i Israel. Ja, du skal seia til dei at tida er nær då alt som er openberra i syner, skal oppfyllast.

24. For ingen skal ha svikefulle syner meir eller koma med falske spådomar i Israels ætt.

25. Det er eg, Herren, som talar; og det ordet eg talar, skal setjast i verk. Det skal ikkje setjast ut lenger. For enno medan de er i live, de som høyrer den trassige ætta til, talar eg mitt ord og set det i verk, lyder ordet frå Herren Gud.

26. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

27. Menneske! Israels-ætta seier: «Det synet han har, gjeld langt fram i tida; det er fjerne tider han spår om.»

28. Difor skal du seia til dei: Så seier Herren Gud: Det eg har sagt, skal ikkje setjast ut lenger. Når eg talar eit ord, skal det setjast i verk, lyder ordet frå Herren Gud.