Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 35 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Edom skal verta ei øydemark

1. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

2. Menneske, vend deg mot Se’ir-fjellet og tal profetord mot det!

3. Sei til det:Så seier Herren Gud:Sjå, eg kjem mot deg, ¬Se’ir-fjell;eg retter ut handa mot degog gjer deg audt og øyde.

4. Byane dine legg eg i røys,og sjølv skal du verta ei audn.Då skal du sanna ¬at eg er Herren.

5. Fordi du bar ¬på eldgamal fiendskap,gav du Israels søner til sverdetden tid ulukka kom over dei,og dei fekk si endelege straff.

6. Difor, så sant eg lever,lèt eg deg blø, ¬seier Herren Gud,og blod skal forfylgja deg.Du rende ut blodog førte over deg skuld,difor skal blodet ¬sanneleg forfylgja deg.

7. Eg gjer Se’ir-fjellet audt ¬og øydeog rydjar ut dei ¬som ferdast der.

8. Eg fyller fjella der med drepne.På alle haugar, ¬i dalar og bekkefarfell menn som vert drepne ¬med sverd.

9. Eg gjer deg til ei evig audn,byane dine ¬skal liggja folketome.Då skal de sanna ¬at eg er Herren.

10. Fordi du sa: «Dei to folka og dei to landa skal verta mine; vi tek dei jamvel om Herren er der,»

11. difor seier Herren Gud: Så sant eg lever, eg vil gjera med deg som du har fortent etter den vreide og iver du viste i ditt hat mot dei. Eg vil gjera meg kjend hjå deg når eg dømer deg.

12. Du skal vita at eg, Herren, har høyrt alle spottorda du tala mot fjella i Israel då du sa: «Dei ligg aude; vi har fått dei til livberging.»

13. De tala i hovmod og bruka mange ord imot meg. Eg har nok høyrt det.

14. Så seier Herren Gud: Til glede for heile jorda gjer eg deg til ei audn.

15. Fordi du gledde deg då Israels arveland vart lagt i øyde, lèt eg det same henda med deg. Se’ir-fjellet og heile Edom skal verta ei audn. Då skal dei sanna at eg er Herren.