Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Dom over leiarane i Jerusalem

1. Så lyfte ånda meg opp og førte meg til austporten i Herrens hus, den som vender mot aust. Attmed inngangen til porten såg eg tjuefem menn, og midt imellom dei såg eg Ja’asanja, son til Assur, og Pelatja, son til Benaja, som var hovdingar over folket.

2. Herren sa til meg: «Menneske, det er dei mennene som tenkjer ut vondskap og gjev dårlege råd her i byen.

3. Dei seier: Det hastar ikkje med å byggja hus. Byen er gryta, og vi er kjøtet.

4. Tal difor profetord mot dei! Tal profetord, menneske!»

5. Då kom Herrens Ande over meg og baud at eg skulle seia: Så seier Herren: Såleis talar de, Israels ætt, og eg kjenner dei tankane som stig opp i dykk.

6. De har drepe så mange her i byen at gatene er fulle av falne.

7. Difor seier Herren Gud: Dei som de drap og lét liggja i byen, dei er kjøtet, og byen er gryta. Men dykk skal eg føra ut derifrå.

8. De reddast for sverdet, og eg lèt sverdet koma mot dykk, lyder ordet frå Herren Gud.

9. Eg fører dykk ut or byen, gjev dykk over til framande og fullfører domen over dykk.

10. De skal falla for sverd; ved Israels grense vil eg halda dom over dykk. Då skal de sanna at eg er Herren.

11. Byen skal ikkje vera ei gryte for dykk, og de skal ikkje vera kjøtet i den. Ved Israels grense vil eg døma dykk.

12. Då skal de sanna at eg er Herren. De fylgde ikkje mine føreskrifter og heldt ikkje mine lover, men levde etter lovene åt dei folka som bur ikring dykk.

13. Medan eg tala profetord, døydde Pelatja, son til Benaja. Då kasta eg meg ned med andletet mot jorda og ropa med høg røyst: «Å, Herre Gud, vil du gjera ende på det som er att av Israel?»

14. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

15. Menneske! Brørne dine, dei mennene som er bortførte saman med deg, heile denne ætta av Israel, om dei seier folket i Jerusalem: «Dei er langt borte frå Herren. Vi har fått landet i eige.»

16. Difor skal du seia: Så seier Herren Gud: Då eg førte dei langt bort, mellom folkeslaga, og spreidde dei i landa, vart eg berre i liten mon ein heilagdom for dei i landa dei kom til.

17. Difor skal du seia: Så seier Herren Gud: Eg vil samla dykk ute mellom folka, føra dykk saman frå dei landa de er spreidde i, og gje dykk Israels land.

18. Når dei kjem dit, skal dei ta bort alle avskyelege gudebilete og all den styggedom som finst der.

19. Då vil eg gje dei eit nytt hjarta og la dei få ei ny ånd. Eg vil ta steinhjarta ut or kroppen deira og gje dei eit kjøthjarta i staden.

20. Så skal dei fylgja mine føreskrifter og ta vare på mine lover og leva etter dei. Dei skal vera mitt folk, og eg vil vera deira Gud.

21. Men dei som i hjarta fylgjer dei avskyelege gudane sine og all den andre styggedomen, dei gjev eg att for det dei har gjort, lyder ordet frå Herren Gud.

22. Då lyfte kjerubane vengene sine, og hjula fylgde med. Høgt oppover dei trona herlegdomen åt Israels Gud.

23. No steig Herrens herlegdom opp frå byen og stogga på det fjellet som ligg austanfor byen.

24. Ånda lyfte meg opp og tok meg med til dei bortførte i Kaldea. Dette hende ved Guds Ande, i eit syn. Så vart det borte for meg, det synet eg hadde hatt.

25. Og eg tala til dei bortførte alle dei ord som Herren hadde openberra for meg i synet.