Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 45 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Utskifting av landet kring Jerusalem

1. Når de kastar lodd og skifter ut landet, skal de via eit stykke av jorda, tjuefem tusen alner langt og tjue tusen alner breitt, som ei heilag gåve til Herren. Det skal vera heilagt så langt det når på alle kantar.

2. Av det skal eit firkanta stykke som er fem hundre alner på kvar side, høyra heilagdomen til. Rundt ikring han skal det vera open mark som strekkjer seg femti alner ut.

3. Av heile området skal du mæla opp eit stykke som er tjuefem tusen alner langt og ti tusen alner breitt, og der skal heilagdomen stå. Det skal vera ein høgheilag del av landet.

4. Det skal tilhøyra prestane som gjer teneste i heilagdomen, dei som stig fram og tener Herren. Der skal dei ha plass for husa sine og beitemark som høyrer heilagdomen til.

5. Eit anna jordstykke, tjuefem tusen alner langt og ti tusen alner breitt, skal tilhøyra levittane, som er tempeltenarar. Der kan dei ha byar til å bu i.

6. Til eigedom for byen skal de setja av eit stykke som er fem tusen alner breitt og tjuefem tusen alner langt, langsmed det som er vigt til heilagdomen. Det skal høyra heile Israels-ætta til.

7. På begge sider av det stykket som høyrer heilagdomen til, og av det som byen eig, langsmed begge desse områda, skal fyrsten ha land, både vestover på vestsida og austover på austsida. Det skal vera så langt som ein av dei lutene ættene får, frå grensa i vest til grensa i aust.

8. Dette landet skal vera hans eigedom i Israel. Og då skal fyrstane aldri meir vera harde mot folket mitt, men overlata jorda til Israels-folket, ætt for ætt.

Rett mål og rett offer

9. Så seier Herren Gud: No får det vera nok, de fyrstar i Israel! Hald opp med vald og herjing, og gjer rett og rettferd! Hald opp med å driva folket mitt frå gard og grunn, seier Herren Gud.

10. Bruk rett vekt og rett efa og bat!

11. Ein efa og ein bat skal vera like store, så både ein bat og ein efa er tiandeparten av ein homer. Målet skal retta seg etter homeren.

12. Ein sekel skal vera tjue gera. Fem sekel skal vera fem sekel, og ti sekel skal vera ti; og femti sekel skal de rekna for ei mine.

13. Så skal ho vera den offergåva de gjev: ein sjettedels efa av kvar homer kveite og ein sjettedels efa av kvar homer bygg.

14. Den faste avgifta av olje, som vert mælt i bat, skal vera ein tiandedels bat av kvar kor; det er ti bat i ein kor.

15. Av småfeet skal de gje eitt lam for kvar to hundre frå Israels beitemarker. Dei skal vera til offergåver, til brennoffer og måltidsoffer; med dei skal det gjerast soning for folket, seier Herren Gud.

16. Alt folket i landet skyldar å gje fyrsten i Israel ei slik offergåve.

17. Men fyrsten har ansvar for brennoffer, grødeoffer og drikkoffer på festane, nymånedagane og sabbatane, på alle høgtidsdagane i Israel. Han skal syta for syndoffer, grødeoffer, brennoffer og måltidsoffer, så det kan gjerast soning for Israels-ætta.

Påskehøgtida

18. Så seier Herren Gud: Den fyrste dagen i den fyrste månaden skal du ta ein lytelaus okse av storfeet og reinsa heilagdomen for synd.

19. Presten skal ta noko av blodet frå syndofferet og stryka det på dørstolpane i templet, på dei fire horna av altaravsatsen og på dørstolpane i porten til den indre føregarden.

20. Det same skal du gjera den sjuande dagen i månaden for dei som har synda av vanvare eller fordi dei ikkje visste betre. Såleis skal du gjera soning for templet.

21. Den fjortande dagen i den fyrste månaden skal de halda påskehelg. Då skal de eta usyrt brød i sju dagar.

22. Den dagen skal fyrsten ofra ein okse som syndoffer for seg sjølv og for alt folket i landet.

23. Dei sju dagane høgtida varer, skal han bera fram brennoffer for Herren, kvar dag sju lytelause oksar og verar, og som syndoffer ein bukk kvar dag.

24. Som grødeoffer skal han bera fram ein efa for kvar okse, ein efa for kvar ver og ein hin olje til kvar efa.

25. På høgtida, den femtande dagen i den sjuande månaden, skal han, liksom på dei andre sju dagane, bera fram syndoffer og brennoffer, grødeoffer og olje.