Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 42 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Presteroma og tempelplassen

1. Så førte han meg nordover til den ytre føregarden, til roma ut mot den avstengde plassen, på nordsida av bygningen.

2. Roma der var til saman hundre alner lange og femti alner breie.

3. Ut mot den tjue alner breie delen av den indre føregarden og steingolvet i den ytre føregarden var det avsatsar, den eine etter den andre, i tre høgder.

4. Framfor roma var det ein gangveg innover, ti alner brei og hundre alner lang. Roma hadde inngang mot nord.

5. Dei øvste roma var mindre enn dei andre; avsatsane tok bort meir plass frå dei enn frå roma i midten og nedst.

6. For dei var bygde i tre høgder, men dei hadde ikkje søyler så som det var i føregarden. Difor var dei øvste roma mindre enn dei mellomste og dei nedste.

7. Lenger ut gjekk det ein mur langs framsida av roma, bort imot den ytre føregarden; han var femti alner lang.

8. For lengda på dei roma som låg mot den ytre føregarden, var femti alner. Men dei som vende mot templet, var hundre alner.

9. Nedanfor desse roma var det ein inngang frå aust, når ein gjekk inn i dei frå den ytre føregarden,

10. der muren mot føregarden tok til.I sør, mot den avstengde plassen og mot bygningen, låg det òg rom,

11. og framfor dei var det ein veg. Dei såg ut som roma på nordsida. Dei var like lange og breie som dei og hadde like utgangar og inngangar og var like eins bygde som dei.

12. Til dørene i roma på sørsida førte ein inngang. Han var der vegen tek til, den vegen som gjekk langsmed den vernande muren; der kunne ein koma inn frå aust.

13. Då sa mannen til meg: «Roma i nord og i sør som ligg mot den avstengde plassen, det er dei heilage roma der prestane, som stig fram for Herren, et dei høgheilage offergåvene. Der skal dei òg leggja dei høgheilage gåvene og grødeofferet, syndofferet og skuldofferet; for det er ein heilag stad.

14. Når prestane er komne dit, skal dei ikkje forlata den heilage staden og gå ut i den ytre føregarden før dei har lagt frå seg kleda som dei bar då dei gjorde teneste; for dei er heilage. Dei skal ta på seg andre klede, og så kan dei gå dit der folket er.

15. Då han var ferdig med å mæla det indre tempelområdet, førte han meg ut gjennom den porten som vender mot aust, og mælte det heile på alle kantar.

16. Han mælte austsida med mælestonga si. Ho var fem hundre alner etter hans mål. Så snudde han seg

17. og mælte nordsida. Ho var fem hundre alner etter hans mål. Så snudde han seg

18. og mælte sørsida. Ho var fem hundre alner etter hans mål.

19. Til sist snudde han seg mot vestsida og mælte den. Ho var fem hundre alner etter hans mål.

20. Alle fire sidene mælte han. Rundt tempelområdet var det ein mur, fem hundre alner lang og fem hundre alner brei. Muren skulle skilja mellom det som er heilagt og det som ikkje er heilagt.