Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 4 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Teikn som varslar Jerusalems fall

1. Du menneske, ta ein murstein og legg han framfor deg! På den skal du rita ein by, Jerusalem.

2. Du skal kringsetja byen, byggja skansar mot han og kasta opp ein voll ikring han. Lat hærar leira seg rundt byen og set opp stormbukkar mot han på alle kantar!

3. Ta så ei jernplate og set henne som ein jernvegg mellom deg og byen, og vend andletet mot byen! Såleis vert han kringsett, og du går til åtak på han. Det skal vera eit teikn for Israels-ætta.

4. Så skal du leggja deg på venstre sida og leggja Israels skuld over på den. Like mange dagar som du ligg så, skal du bera skulda deira.

5. Like mange år som dei har synda, like mange dagar lèt eg deg få, tre hundre og nitti dagar. Så lenge skal du bera Israels skuld.

6. Når du er ferdig med desse dagane, skal du leggja deg att, no på høgre sida, og bera skulda åt Juda-folket. I førti dagar, éin dag for kvart år, lèt eg deg bera henne.

7. Vend andletet mot det kringsette Jerusalem! Med berr arm skal du tala profetord mot byen!

8. Sjå, eg bind deg med tog, så du ikkje kan snu deg frå den eine sida til den andre før du er ferdig med dei dagane du skal halda byen kringsett.

9. Ta så kveite og bygg, bauner og linser, hirse og spelt, legg det opp i eit trog og bak brød av det! Så mange dagar som du ligg på sida, i tre hundre og nitti dagar, skal du eta av dette.

10. Den maten du dagleg et, skal vega tjue sekel. Til faste tider skal du eta han.

11. Vatnet du drikk, skal mæla ein sjettedels hin. Til faste tider skal du drikka det.

12. Brødet skal du eta som byggkaker. Du skal steikja det beint framfor augo deira med turka menneskemøk til brensel.

13. Såleis skal israelittane eta ureint brød mellom dei folkeslag eg driv dei bort til, sa Herren.

14. Eg svara: «Å, Herre Gud, eg har aldri vore urein. Frå min ungdom og heilt til no har eg aldri ete kjøt av sjølvdaude eller ihelrivne dyr. Og ureint offerkjøt har eg ikkje hatt i min munn.»

15. Då sa han til meg: «Godt, i staden for menneskemøk lèt eg deg bruka kumøk til å steikja brødet ditt på.»

16. Så sa han til meg: Menneske, no bryt eg sund brødstaven i Jerusalem. Med sut skal dei eta brød etter vekt, og med redsle skal dei drikka vatn etter mål.

17. Ja, dei skal sleppa opp for brød og vatn. Både den eine og den andre skal verta forstøkt og forgå på grunn av si synd og skuld.