Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Esekiel 37 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Dei daude beina som livnar opp att

1. Herrens hand kom over meg, og i ånda førte han meg ut og sette meg ned i ein dal som var full av bein.

2. Han førte meg rundt ikring dei. Og sjå, det låg ei stor mengd med bein utover dalen, og dei var heilt turre.

3. Så sa han til meg: «Menneske, kan desse beina livna opp att?» Eg svara: «Herre Gud, det veit berre du.»

4. Då sa han til meg: «Tal profetisk over desse beina og sei til dei: De turre bein, høyr Herrens ord!

5. Så seier Herren Gud til desse beina: Sjå, eg lèt det koma livsande i dykk, så de livnar opp att.

6. Eg lèt det koma sener og kjøt på dykk og dreg hud over. Så gjev eg dykk livsande, og de livnar opp att. Då skal de sanna at eg er Herren.»

7. Eg tala profetisk som eg var føresagd. Og medan eg tala, tok det til å buldra og skjelva. Beina la seg innåt kvarandre, bein til bein.

8. Og medan eg såg på, kom det sener og kjøt på dei, og det drog seg hud over dei. Men livsande var det ikkje i dei.

9. Då sa han til meg: «Tal profetisk til livsanden! Menneske, tal og sei til han: Så seier Herren Gud: Kom, livsande, frå heimsens fire hjørne og blås på desse drepne mennene, så dei livnar opp att.»

10. Eg tala profetisk, som han baud meg. Då kom det livsande i dei, og dei livna; dei reiste seg opp og stod. Det var ein veldig hær.

11. Så sa han til meg: Menneske, desse beina er heile Israels-folket. Høyr kva dei seier: «Våre bein har turka inn; vår von har vorte til inkjes, det er ute med oss!»

12. Tal difor profetisk og sei til dei: Så seier Herren Gud: Sjå, mitt folk, eg opnar gravene dykkar og lèt dykk stiga opp or dei. Så fører eg dykk til Israels-landet.

13. De skal sanna at eg er Herren, når eg opnar gravene og lèt dykk, mitt folk, stiga opp or dei.

14. Eg gjev dykk min Ande, så de livnar opp att, og lèt dykk bu i dykkar eige land. Då skal de sanna at eg, Herren, har tala og sett det i verk, lyder ordet frå Herren.

Når Herren sameinar Israel og Juda

15. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

16. Du menneske, ta deg ein stav og skriv på han: «For Juda og brørne hans mellom israelittane.» Ta så ein annan stav og skriv på han – på Efraims stav: «For Josef og alle brørne hans mellom israelittane.»

17. Set dei saman, så dei vert til éin stav i handa di.

18. Når så landsmennene dine spør: «Vil du ikkje la oss få vita kva du meiner med dette?»

19. då skal du svara: Så seier Herren Gud: Sjå, eg tek Josefs stav, som er i Efraims hand, og brørne hans, Israels-ættene, og set han saman med Judas stav. Så gjer eg dei til éin stav; dei vert til eitt i handa mi.

20. Stavane som du skriv på, skal du halda i handa framfor augo på dei.

21. Og du skal seia til dei: Så seier Herren Gud: Sjå, eg hentar israelittane frå dei folkeslaga som dei fór bort til. Eg samlar dei frå alle kantar og fører dei til deira eige land.

22. Så gjer eg dei til eitt folk i landet, på Israels-fjella. Alle skal dei ha ein og same kongen. Dei skal ikkje lenger vera to folk og ikkje meir vera delte i to kongerike.

23. Då skal dei ikkje gjera seg ureine meir med avgudane og all styggedomen og med alle ugjerningane sine. Eg vil berga dei frå alle stadene der dei levde i synd, og eg vil gjera dei reine. Dei skal vera mitt folk, og eg vil vera deira Gud.

24. Min tenar David skal vera konge over dei, og alle skal dei ha ein og same hyrdingen. Dei skal fylgja mine lover og ta vare på mine føreskrifter, så dei lever etter dei.

25. Så skal dei få bu i landet som eg gav min tenar Jakob, og som fedrane dykkar budde i. Både dei og borna og barneborna deira skal bu i det gjennom alle tider, og David, tenaren min, skal vera deira fyrste for alltid.

26. Eg gjer ei fredspakt med dei; ei evig pakt skal det vera. Eg lèt dei busetja seg og auka i tal, og eg reiser min heilagdom mellom dei for alltid.

27. Min bustad skal vera mellom dei. Eg vil vera deira Gud, og dei skal vera mitt folk.

28. Då skal folkeslaga sanna at eg er Herren, som helgar Israel, når min heilagdom er mellom dei for alltid.