Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48
  49. 49
  50. 50
  51. 51
  52. 52

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 15 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Inga medkjensle med folket

1. Herren sa til meg: Om så Moses og Samuel steig fram for meg, ville eg ikkje ha medkjensle med dette folket. Send dei bort frå meg, lat dei fara!

2. Og spør dei deg: «Kvar skal vi gå?» skal du svara: Så seier Herren: Til døden med dei ¬som er etla til å døy,lat sverdet råka dei ¬som skal falla for sverd,og svolt dei ¬som skal svelta i hel,i fangenskap med dei ¬som skal takast til fange!

3. På fire måtar vil eg straffa dei, lyder ordet frå Herren: Med sverd til å drepa, med hundar til å slepa bort, med fuglane under himmelen og dyra på marka til å eta og øyda.

4. Eg gjer dei til eit skræmebilete for alle rike på jorda, på grunn av det som Juda-kongen Manasse, son til Hiskia, har gjort i Jerusalem.

5. Ja, kven tykkjer synd i deg, ¬Jerusalem,kven syner medkjensle ¬med deg?Kven tek av frå vegen og spørkorleis det står til med deg?

6. Du støytte meg frå deg, ¬lyder ordet frå Herren,og snudde ryggen til.Difor rette eg handa utog ville gjera ende på deg;eg var trøytt av å ynkast.

7. Med kasteskuffel ¬spreidde eg deikringom i byane i landet.Barnlaust gjorde eg folket mittog lét det gå til grunne,for det vende ikkje om ¬frå si vonde ferd.

8. Det vart fleire enkjer hjå deienn det er sandkorn ved havet.Eg sende mot dei ¬unge stridsmennsom herja midt på ljose dagen.Brått lét eg skakande redsle ¬koma over dei.

9. Jamvel ho som var mor ¬til sju born,visna bort ¬og seig maktlaus om.Hennar sol gjekk ned ¬medan det endå var dag,ho vart til spott og skam.Dei som er att av folket,gjev eg over til sverdetfor augo på deira fiendar,lyder ordet frå Herren.

Profetens kall og liding

10. Ve meg, mor mi, ¬at du fødde meg,ein mann som alle her i landetligg i strid og trette med.Eg skuldar ingen noko,og ingen står i gjeld til meg;endå forbannar dei meg alle.

11. Sanneleg, sa Herren, ¬eg vil fria deg ut,så det kan gå deg godt.Eg lèt fienden naudbe degnår han kjem i naud ¬og trengsle.

12. Kan ein bryta sund jern,jern frå Norden, og bronse?

13. Din rikdom og dine skattargjev eg til plyndring– ikkje for betaling, ¬men til strafffor alt du har synda ¬i heile ditt land.

14. Eg lèt deg træla ¬for dine fiendari eit land du ikkje kjenner.For vreiden min logar ¬som eld,mot dykk er han kveikt.

15. Du veit det, Herre.Kom meg i hug ¬og ta deg av meg!Lat meg få hemn ¬over dei som forfylgjer meg!Ver ikkje så langmodig mot deiat du riv meg bort.Sjå kor eg vert spotta ¬for di skuld!

16. Eg fann dine ord og åt dei,dei var til hugnad for meg.Og det var ei glede ¬for mitt hjartaat ditt namn er nemnt ¬over meg,Herre, Allhærs Gud.

17. Aldri sat eg og moroa megi lag med skjemtande menner.Einsam sat eg, ¬gripen av di hand;for du fylte meg med harme.

18. Kvifor er mi liding utan endeog såret mitt ulækjande?Det vil ikkje gro.Du har vorte for meg ¬som ein sviktande bekk,som vatn ein ikkje kan lita på.

19. Då svara Herren:Dersom du vender om,vil eg la deg koma attog stå for mitt åsyn.Er det du talar, gjævt og godtog ikkje verdilause ord,så skal du vera som min munn.Då skal folket venda seg til deg,men du skal ikkje venda deg ¬til dei.

20. Mot dette folket gjer eg degtil ein festningsmur av bronse.Dei skal strida mot deg,men ikkje vinna.For eg er med deg,eg vil frelsa deg og fria deg ut,lyder ordet frå Herren.

21. Eg vil berga deg ¬or hendene på dei vondeog fria deg ¬or nevane på valdsmenn.