Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48
  49. 49
  50. 50
  51. 51
  52. 52

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Ein einsam profet

1. Herrens ord kom til meg, og det lydde så:

2. Du skal ikkje ta deg kone og ikkje få søner og døtrer på denne staden.

3. For så seier Herren om dei sønene og døtrene som vert fødde her, om mødrene som føder dei, og om fedrane som avlar dei her i landet:

4. Dei skal døy ein pinefull død, og det skal ikkje haldast syrgjehøgtid eller gravferd for dei; dei skal verta til gjødsel på marka. Sverd og svolt skal tyna dei, og lika av dei skal verta til føde for fuglane under himmelen og dyra på marka.

5. Så seier Herren: Gå ikkje inn i syrgjehus, gå ikkje dit og klag, og syn ikkje medkjensle med dei! For eg har teke min fred frå dette folket, min truskap og mi miskunn, lyder ordet frå Herren.

6. Når store og små døyr her i landet, skal dei ikkje koma i grav. Ingen skal halda syrgjehøgtid over dei, ingen skal rispa seg opp eller raka seg snau for deira skuld.

7. Ingen skal bryta brød til trøyst for den som syrgjer over ein død, eller gje han eit trøystestaup når han har mist far sin eller mor si.

8. Gå heller ikkje inn i eit hus der dei held gjestebod, for å sitja i lag med andre og eta og drikka.

9. For så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Enno medan de lever, ja, beint framfor augo dykkar, lèt eg fagnadrop og glederop og røyst av brudgom og røyst av brur tagna på denne staden.

10. Når du kunngjer alt dette for folket her, kan det henda at dei spør deg: «Kvifor har Herren sagt at heile denne store ulukka skal koma over oss? Kva for ei misgjerning og kva for ei synd har vi gjort mot Herren vår Gud?»

11. Då skal du svara dei: Fedrane dykkar gjekk bort frå meg, lyder ordet frå Herren. Dei heldt seg til andre gudar, som dei dyrka og kasta seg ned for. Men meg vende dei seg frå, og mi lov heldt dei ikkje.

12. Og de har bore dykk verre åt enn fedrane dykkar. Alle fylgjer sitt vonde, harde hjarta og høyrer ikkje på meg.

13. Difor vil eg kasta dykk bort frå dette landet til eit land som korkje de eller fedrane dykkar har kjent. Der skal de dyrka andre gudar både dag og natt. For eg vil ikkje visa dykk nåde.

Heim att til fedrejorda

14. Sjå, dagar skal koma, lyder ordet frå Herren, då dei ikkje lenger skal seia: «Så sant Herren lever, han som førte israelittane opp frå Egypt,»

15. men: «Så sant Herren lever, han som førte israelittane heim frå landet i nord og frå alle dei land han hadde drive dei bort til.» Eg vil føra dei heim att til deira eiga jord, som eg gav fedrane deira.

Dei kan ikkje gøyma seg for meg

16. Eg sender bod etter mange fiskarar, lyder ordet frå Herren, og dei skal fiska dei. Sidan sender eg bod etter mange jegerar, og dei skal jaga dei bort frå kvart fjell og kvar haug og frå bergskortene.

17. For eg held auga med dei på alle deira vegar. Dei kan ikkje gøyma seg for meg, og deira misgjerning er ikkje duld for mine augo.

18. Fyrst vil eg la dei bøta dobbelt for deira synd og skuld, fordi dei har vanhelga landet mitt med dei livlause og avskyelege gudane sine og fylt mitt eige land med styggedomen sin.

Folkeslag skal få kjenna Herrens makt

19. Herre, min styrke og mitt vern,mi livd i trengselstida!Til deg skal folkeslag komafrå endane av jorda og seia:«Berre lygn fekk fedrane våre ¬i arv,gagnlause gudar ¬som ikkje kan hjelpa.

20. Kan menneske laga seg gudar?Dei er då ikkje gudar.»

21. Sjå, difor lèt eg dei kjenna,ja, denne gongen ¬lèt eg dei kjennami makt og mitt velde,og dei skal sanna ¬at mitt namn er Herren.