Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48
  49. 49
  50. 50
  51. 51
  52. 52

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 43 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Hærførarane tek Jeremia med til Egypt

1. Då Jeremia var ferdig med å tala til folket og hadde sagt dei alle dei ord frå Herren deira Gud som Herren hadde sendt han med, og som er attgjevne her,

2. då sa Asarja, son til Hosjaja, og Johanan, son til Kareah, og alle dei andre skamlause mennene til Jeremia: «Det er lygn, det du seier! Herren vår Gud har ikkje sendt deg med det bodet at vi ikkje skal fara til Egypt og slå oss ned der.

3. Det er Baruk Neriason som eggjar deg opp mot oss, så vi skal koma i hendene på kaldearane; og så kan dei drepa oss eller føra oss bort til Babylonia.»

4. Korkje Johanan, son til Kareah, eller nokon av hærførarane eller nokon av folket ville lyda Herren, når han sa at dei skulle verta verande i Juda.

5. Johanan, son til Kareah, og hærførarane tok med seg alle som var att i Juda, dei som var komne tilbake frå alle folkeslaga dei hadde vore bortdrivne til, og ville slå seg ned i Juda,

6. mennene, kvinnene og borna og kongsdøtrene og alle dei som livvakthovdingen Nebusaradan hadde late vera att hjå Gedalja, son til Ahikam Sjafansson. Mellom dei var profeten Jeremia og Baruk Neriason.

7. Dei fór til Egypt, for dei ville ikkje lyda Herren. Og dei kom til Takpanhes.

Spådom om Nebukadnesars hærferd til Egypt

8. I Takpanhes kom Herrens ord til Jeremia, og det lydde så:

9. Ta nokre store steinar og grav dei ned i leira på plassen framfor inngangen til faraos hus i Takpanhes, medan nokre menn frå Juda ser på.

10. Sei så til dei: Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Snart sender eg bod og hentar babylonarkongen Nebukadnesar, tenaren min. Han skal setja kongsstolen sin over desse steinane som du har grave ned, og slå opp tronhimmelen sin over dei.

11. Han skal koma og slå Egypt. Det vert døden for dei som må døy, fangenskap for dei som skal takast til fange, og sverd for dei som skal falla for sverd.

12. Han set eld på templa i landet og brenner gudebileta eller fører dei bort. Han plukkar egyptarane som ein gjætar plukkar lus av kappa si, og så fer han bort i fred.

13. Han skal slå sund steinstøttene i Bet-Sjemesj og brenna templa i Egypt.