Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48
  49. 49
  50. 50
  51. 51
  52. 52

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Leira i handa på krusmakaren

1. Dette er det ordet som kom til Jeremia frå Herren:

2. «Stå opp og gå ned til krusmakarens hus! Der skal du få høyra orda mine.»

3. Så gjekk eg ned til krusmakaren, som stod og arbeidde ved dreieskiva.

4. Når det kjeraldet han heldt på med, vart mislukka – slikt hender med leira i ein krusmakars hand – så gjorde han det om att og laga eit anna kjerald, som han ville ha det.

5. Då kom Herrens ord til meg, og det lydde så:

6. Skulle ikkje eg kunna gjera med dykk, Israels ætt, like eins som denne krusmakaren gjer med leira? lyder ordet frå Herren. Som leira i krusmakarens hand, så er de i mi hand, Israels ætt.

7. Stundom trugar eg eit folk og rike med å rykkja opp og riva ned og leggja i øyde.

8. Men dersom det folket eg har truga, vender om frå sin vondskap, då gjev eg opp det vonde som eg hadde tenkt å gjera mot det.

9. Stundom lovar eg eit folk og rike at eg vil byggja og planta.

10. Men gjer dei då det som vondt er i mine augo og ikkje høyrer på mi røyst, då gjev eg opp det gode eg hadde tenkt å gjera mot dei.

11. Sei no til Juda-mennene og Jerusalems-buane:Så seier Herren: Eg førebur ei ulukke og tenkjer ut ein plan mot dykk. Vend då alle om frå dykkar vonde ferd, og lat dykkar åtferd og gjerningar betrast!

12. Men dei svarar: «Det er nyttelaust. Vi vil fylgja våre eigne tankar, kvar og ein av oss vil gjera etter sitt vonde, harde hjarta.»

Kven har høyrt noko slikt?

13. Difor seier Herren:Spør mellom folkeslaga:Kven har høyrt noko slikt?Det er fæle tingmøya Israel har gjort.

14. Kan snøen på Libanonbråna bort på det høge fjellet?Eller kan det kalde vatnetfrå framandt land turka ut?

15. Men mitt folk har gløymt meg,dei brenner offer ¬for falske gudar.Dei snåvar på vegane sine,på dei eldgamle stigane,og slår inn på andre spor,der ingen veg er bygd.

16. Såleis gjer dei landet sitt ¬til eit skræmselog til ei evig spott.Alle som fer framom,kjem til å fæla og rista ¬på hovudet.

17. Liksom austavinden ¬spreier eg deifor augo på fiendane deira.Eg viser dei ryggen ¬og ikkje andletetden dagen ulukka når dei.

Profeten bed om hemn

18. Dei sa: «Kom, lat oss tenkja utvonde planar mot Jeremia!For det vantar ikkje rettleiing ¬hjå presten,råd hjå den vise ¬eller ord hjå profeten.Kom, lat oss fella han ¬med hans eigne ordog ikkje høyra på noko ¬av det han seier.»

19. Herre, lyd på meg!Høyr kva mine motstandarar ¬seier!

20. Skal ein løna godt med vondt?Dei har då grave ei grav ¬for meg.Men kom i hug ¬at eg stod for ditt åsyn,ville tala deira sakog venda din harme bort ¬frå dei.

21. Gjev difor borna deira ¬over til svolten,lat sverdet ta seg av dei!Lat kvinnene verta barnlause ¬og enkjer,lat mennene råkast av dødenog unggutane falla for sverd ¬i krigen.

22. Lat det høyrast skrik ¬i husa deiranår du brått lèt ein røvarflokk ¬koma over dei.Dei grov då ei grav ¬til å fanga megog sette løynde snarer ¬for føtene mine.

23. Men du, Herre, kjenner tilat dei legg planar ¬om å drepa meg.Ta ikkje bort deira skuld,og stryk ikkje ut deira synd ¬for ditt åsyn,men lat dei falla og liggja der!Grip inn mot dei ¬på din vreidedag!