Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48
  49. 49
  50. 50
  51. 51
  52. 52

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 31 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Endå ein gong skal eg byggja deg

1. På den tid, lyder ordet frå Herren, vil eg vera Gud for alle ættene i Israel, og dei skal vera mitt folk.

2. Så seier Herren:Det folket ¬som slapp unna sverdet,har funne nåde i øydemarka.Israel skal fara av stad ¬og finna ro.

3. Langt bortanfrå ¬synte Herren seg for dei: Med evig kjærleik ¬har eg elska deg,difor lèt eg mi miskunn ¬mot deg vara ved.

4. Endå ein gong ¬skal eg byggja deg,ja, du skal byggjast,Israel, du unge møy.Endå ein gong ¬skal du pryda deg ¬med handtrommerog gå ut i dansen med ¬dei glade.

5. Endå ein gong ¬skal du planta vinhagarpå Samaria-fjella;og dei som plantar, ¬skal sjølve nyta frukta.

6. Ja, det kjem ein dagdå vaktmenn ropar ¬på Efraims-fjellet:Kom, lat oss fara opp til Sion,til Herren vår Gud!

7. Så seier Herren:Gled deg storleg over Jakob,og rop av fagnad over han ¬som er hovding ¬mellom folka!Lat lovsongen ljoma og sei:«Herren har frelst sitt folk,dei som er att av Israel.»

8. Eg fører dei heim att ¬frå landet i nord,eg samlar dei ¬frå utkantane av jorda.Blant dei er både blinde ¬og halte,ja, svangre ¬og fødande kvinner med;dei kjem attende ¬i store flokkar.

9. Gråtande kjem dei, ¬med audmjuk bøn;eg leier og fører deitil rennande bekker,på jamn veg, ¬der dei ikkje snåvar.Eg er som ein far for Israel,Efraim er min fyrstefødde son.

10. Høyr Herrens ord, ¬de folkeslag!Forkynn det på fjerne strender ¬og sei:Han som spreidde Israel,samlar og gjæter detsom ein hyrding ¬gjæter sin flokk.

11. For Herren har fria ut Jakobog løyst han ¬or overmanns hand.

12. Dei kjem med jubelrop ¬til Sion-fjellet,dei strålar av glede ¬over Herrens gode gåver:korn og vin og olje,sauer og geiter og oksar.Sjølve skal dei vera ¬som ein vassrik hageog ikkje lenger lida naud.

13. Då skal jentene dansa av gledeog gamle menn gleda seg ¬med dei unge.Eg vender deira sorg til fryd,og trøystar og gleder ¬dei som syrgde.

14. Eg lèt prestane få rikeleg ¬med feite retterog mettar mitt folk ¬med gode gåver,lyder ordet frå Herren.

Det er von for di framtid

15. Så seier Herren:Høyr, det lyder klagerop ¬i Rama,det er einkvan ¬som græt så sårt.Rakel græt over borna sineog vil ikkje la seg trøysta,for dei er borte.

16. Så seier Herren:Hald opp med å gråta,turka tårene frå augo dine!Du skal få løn for ditt strev, ¬seier Herren,dei skal koma heim att ¬frå fiendeland.

17. Det er von for di framtid, ¬seier Herren,borna skal venda heim ¬til sitt land.

18. Klårt har eg høyrt ¬korleis Efraim klagar:Du har tukta meg, ¬ja, eg vart tukta,lik ein kalv som ikkje er tamd.Vend du meg om, ¬så eg vender om!For du, Herre, er min Gud.

19. Etter at eg har vendt meg bort, ¬angrar eg,og sidan eg har fått betre skjøn,slår eg meg for brystet.Skjemd og skamfull må eg bøtafor min ungdoms ¬skamlause ferd.

20. Er Efraim min kjære son,barnet eg har hugnad i?Kvar gong eg talar imot han,må eg tenkja på han ¬med velvilje.Difor bankar mitt hjarta ¬i medynk med han,eg må syna han miskunn,lyder ordet frå Herren.

Kom heim att!

21. Reis vardar som viser veg,set opp merkesteinar for deg!Legg nøye merke til ¬den vegen du gjekk!Kom heim att, Israel, ¬du unge møy,kom heim att til byane dine!

22. Kor lenge vil du snu deg ¬hit og dit,du fråfalne dotter?No vil Herren skapa noko nytt ¬i landet;då kan ei kvinne ¬verja ein mann.

23. Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Endå ein gong skal dei seia i Juda og i byane der, når eg vender lagnaden deira: «Herren signe deg, du rettferds bustad, du heilage fjell.»

24. Folket i Juda og i alle byane skal bu saman der, både bønder og gjætarar som flakkar ikring.

25. Eg lèt den som er utmødd, drikka seg utyrst og mettar alle som lid naud.

26. Då vakna eg og såg meg om. Svevnen hadde gjort meg godt.

27. Sjå dagar skal koma, lyder ordet frå Herren, då eg både i Israel og Juda sår ut eit sæde av menneske og dyr.

28. Og liksom eg vakte over dei for å rykkja opp og riva ned, å bryta ned, øydeleggja og skada, så vil eg no vaka over dei for å byggja og planta, lyder ordet frå Herren.

29. På den tid skal dei ikkje lenger seia:Fedrane åt sure druer,og borna fekk ringe tenner.

30. Men kvar skal døy ¬for si eiga synd.Den som et sure druer,skal sjølv få ringe tenner.

Den nye pakta

31. Sjå, dagar skal koma, ¬seier Herren,då eg gjer ei ny paktmed Israels ætt og Judas ætt,

32. ei pakt som er annleisenn den eg gjorde ¬med fedrane deira,den gongen eg tok dei i handaog førte dei ut or Egypt,den pakta med meg ¬som dei braut,endå eg var deira rette herre, ¬seier Herren.

33. Nei, såleis er den pakta ¬eg vil gjeramed Israels-folket ¬i dagar som kjem,lyder ordet frå Herren:Eg vil leggja mi lov ¬i hugen deiraog skriva henne i hjarta deira.Eg vil vera deira Gud,og dei skal vera mitt folk.

34. Då skal ingen lengerlæra sin neste og sin brorog seia: «Kjenn Herren!»For dei skal alle kjenna meg,både små og store, seier Herren.For eg vil tilgje ¬deira misgjerningog aldri meir ¬koma deira synd i hug.

35. Så seier Herren,han som sette sola til å lysa ¬om dagenog laga det såat månen og stjernene ¬lyser om natta,han som rører opp havet ¬så bylgjene brusar,– Herren, Allhærs Gud, ¬er hans namn:

36. Lèt eg denne skipnaden vika,lyder ordet frå Herren,skal Israels-ætta òg for alltidhalda opp med å vera mitt folk.

37. Så seier Herren:Kan himmelen der oppe ¬mælast,og grunnvollane under jorda ¬der nede granskast,då vil eg òg støyta frå meg ¬heile Israels ættfor alt dei har gjort, ¬seier Herren.

38. Dagar skal koma, lyder ordet frå Herren, då byen skal byggjast opp att for Herren, frå Hananel-tårnet til Hjørneporten.

39. Derifrå skal mælesnora gå beint fram til Gareb-haugen og så bøya av til Goa.

40. Heile dalen med lika og den feite offeroska og alle skråningane ned til Kedron-dalen, til hjørnet ved Hesteporten mot aust, skal vera vigde til Herren. Aldri meir skal byen rivast eller brytast ned.