Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48
  49. 49
  50. 50
  51. 51
  52. 52

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Då Pasjkur Immersson, presten, som var øvste tilsynsmannen i Herrens hus, høyrde Jeremia bera fram denne spådomen,

2. lét han profeten Jeremia piska og sette han i blokka ved den øvre Benjamins-porten, som fører inn til Herrens hus.

3. Dagen etter sleppte Pasjkur Jeremia laus frå blokka. Då sa Jeremia til han: Herren kallar deg ikkje lenger Pasjkur, men «Redsle rundt ikring».

4. For så seier Herren: Eg gjer deg til ei redsle for deg sjølv og for alle venene dine. Dei skal falla for fiendesverd, medan du ser på. Og heile Juda vil eg gje i hendene på babylonarkongen. Han skal føra dei bort til Babylonia og hogga dei ned med sverd.

5. Og eg vil gje alt det dei eig i denne byen, all frukta av deira strev, alle deira dyre eigneluter og alle skattane åt Juda-kongane i hendene på fiendane deira. Dei skal røva dei, ta dei med seg og føra dei til Babylonia.

6. Og du, Pasjkur, og alle som bur i ditt hus, skal fara i fangenskap og koma til Babylonia. Der skal du døy, og der skal du finna di grav, både du og alle venene dine, som du har spått lygn for.

Profeten kan ikkje svikta kallet

7. Du lokka meg, Herre, ¬og eg lét meg lokka;du vart for sterk for meg ¬og vann.Eg er til låtteløye heile dagen,alle spottar meg.

8. Så ofte eg talar, lyt eg skrika,«Vald og overfall!» lyt eg ropa.For Herrens ord har dagen langvorte meg til spott og skam.

9. Men når eg tenkte:«Eg vil gløyma hanog ikkje lenger tala ¬i hans namn»,då vart det som logande eld ¬i mitt hjarta,innestengd i mine bein.Eg streva for å halda det att,men greidde det ikkje.

10. Ja, eg har høyrt mange ¬som kviskrar– det er noko som skræmer ¬på alle kantar:«Meld han! ¬Vi skal melda han!»Alle som eg hadde fred med,ventar på at eg skal falla:«Kanskje lèt han seg lokka,så vi kan få han i vår maktog hemna oss på han.»

11. Men Herren er med meg ¬lik ei veldig kjempe.Difor skal dei snåva,dei som forfylgjer meg,og ikkje vinna over meg.Dei skal stå der med stor skamfordi dei ikkje ¬hadde lukka med seg– ei vanære som aldri ¬vert gløymd.

12. Herre, Allhærs Gud,du som prøver den rettferdige,som ser både hjarta og nyrer,lat meg få sjå at du tek ¬hemn over dei,for eg har lagt mi sak i di hand.

13. Syng for Herren, ¬lovpris Herren,for han bergar den fattigeog friar han ¬frå ugjerningsmenn.

Profeten forbannar fødedagen sin

14. Forbanna vere den dagendå eg vart fødd!Den dagen mor mi fødde meg,skal ikkje vera velsigna!

15. Forbanna vere den mannsom kom til far min ¬med gledebodet:«Du har fått ein gut,»og såleis gledde han storleg.

16. Lat det gå den mannen ¬som det gjekk dei byaneHerren øydela utan medynk!Lat han høyra skrik ¬om morgonenog hærrop midt på dagen,

17. fordi han ikkje drap meg ¬i mors liv,så mor mi vart mi gravog alltid gjekk med barn.

18. Kvifor kom eg ut or mors livnår eg berre skulle oppleva ¬møde og sorgog enda mine dagar i skam?