Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48
  49. 49
  50. 50
  51. 51
  52. 52

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Israel har brote pakta

1. Dette er det ordet som kom til Jeremia frå Herren:

2. Høyr orda i denne pakta og tal til Juda-mennene og Jerusalems-buane!

3. Sei til dei: Så seier Herren, Israels Gud: Forbanna vere den som ikkje lyder orda i denne pakta,

4. som eg baud fedrane dykkar å halda den gongen eg førte dei ut or Egypt, or smelteomnen. Då sa eg: Lyd meg, og gjer alt det eg byd dykk! Så skal de vera mitt folk, og eg vil vera dykkar Gud.

5. Og eg vil halda den lovnaden eg gav fedrane dykkar med eid, at eg ville gje dei eit land som fløymer med mjølk og honning, så som det no har hendt. Då svara eg: «Så skal det vera, Herre!»

6. Herren sa til meg: Rop ut alle desse orda over byane i Juda og på gatene i Jerusalem: Høyr orda i denne pakta og lev etter dei!

7. Eg formante fedrane dykkar den gongen eg førte dei ut or Egypt, og sidan har eg til denne dag formant dei seint og tidleg: «Høyr kva eg seier!»

8. Men dei ville ikkje høyra og vende ikkje øyra til. Alle fylgde dei sitt vonde og harde hjarta. Då påla eg dei alle orda i denne pakta, som eg baud dei å halda, men som dei ikkje har halde.

9. Sidan sa Herren til meg: Eg har vorte var ei samansverjing mellom Juda-mennene og Jerusalems-buane.

10. Dei har vendt tilbake til misgjerningane åt dei fyrste fedrane sine. Dei ville ikkje lyda orda mine, men heldt seg til andre gudar og dyrka dei. Israels-ætta og Juda-ætta har brote den pakta eg gjorde med fedrane deira.

11. Difor seier Herren: Sjå, eg fører over dei ei ulukke som dei ikkje kan sleppa frå. Når dei ropar til meg, vil eg ikkje høyra på dei.

12. Då skal folket i Juda-byane og i Jerusalem gå og ropa til gudane dei ofrar til, men dei skal ikkje hjelpa når ulukka kjem.

13. For du har like mange gudar som du har byar, Juda! Og de har reist like mange altar for Skamma som det er gater i Jerusalem, altar der de ofrar til Ba’al.

14. Du skal ikkje be for dette folket og ikkje bera fram klagerop og bøner for dei. For eg vil ikkje høyra når dei ropar til meg i si naud.

Oliventreet som Herren har planta

15. Kva vil ho som eg elskar, ¬i mitt hus,ho som har lagt ¬svikefulle planar?Kan lovnader ¬og heilagt offerkjøtta bort din vondskap?Då kunne du jubla.

16. Herren har kalla deg ¬eit oliventre,grønt, med fager frukt.Men med bulder og brakset elden det i brann,så greinene brotnar.

17. Herren, Allhærs Gud, ¬som planta deg,trugar deg no med ulukkefor det vonde ¬som Israels og Judas ættgjorde mot seg sjølve, ¬då dei ofra til Ba’alog såleis vekte min harme.

Profeten møter fiendskap i heimbyen sin

18. Herren gjorde det kjent ¬for meg,eg fekk vita om det;då synte du meg ¬deira gjerningar.

19. Eg hadde vore godtruen ¬som eit lamsom vert leitt til slakting.Eg visste ikkje at dei tenkte utvonde planar mot meg og sa:«Lat oss øydeleggja ¬både treet og fruktaog rydja han ut ¬or landet åt dei levande,så ingen nemner ¬namnet hans meir.»

20. Herre, Allhærs Gud, ¬du rettferdige domar,som granskar hjarta og nyrer,lat meg få sjå ¬at du tek hemn over dei;for eg har lagt mi sak i di hand.

21. Difor seier Herren så ¬om mennene i Anatot,som står meg etter livet ¬og seier:«Du må ikkje tala profetord ¬i Herrens namn,elles skal du døy for vår hand»,

22. ja, så seier Herren, ¬Allhærs Gud:Sjå, eg vil krevja dei ¬til rekneskap.Dei unge mennene ¬skal døy for sverd,deira søner og døtrer ¬skal døy av svolt.

23. Ingen av dei skal leivast;for eg fører ulukke ¬over Anatot-mennenedet året eg krev dei ¬til rekneskap.