Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48
  49. 49
  50. 50
  51. 51
  52. 52

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Brevet til dei bortførte i Babylonia

1. Såleis lydde det brevet profeten Jeremia sende frå Jerusalem til dei eldste som var att mellom dei bortførte, og til prestane og profetane og alt det folket som Nebukadnesar hadde ført bort frå Jerusalem til Babylonia.

2. Det var etter at kong Jekonja hadde fare bort frå Jerusalem saman med kongsmora og hoffmennene, hovdingane i Juda og Jerusalem, handverkarane og smedane.

3. Brevet vart frambore av Elasa Sjafansson og Gemarja Hilkiason, som Juda-kongen Sidkia sende til Babylonia, til babylonarkongen Nebukadnesar, og det lydde så:

4. Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud, til alle dei som eg har ført bort frå Jerusalem til Babylonia:

5. Bygg dykk hus og bu i dei, planta hagar og et frukta or dei!

6. Ta dykk koner og få søner og døtrer! Finn koner til sønene dykkar og gift bort døtrene dykkar, så dei kan få søner og døtrer. De skal auka i tal der og ikkje minka.

7. Og sjå til at det må gå den byen vel som eg har ført dykk bort til, og bed til Herren for han! For når det går han vel, går det dykk vel òg.

8. Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Lat dykk ikkje narra av profetane og spåmennene som er hjå dykk, og bry dykk ikkje om det de drøymer!

9. For det er lygn det dei spår dykk i mitt namn. Eg har ikkje sendt dei, lyder ordet frå Herren.

10. Så seier Herren: Når sytti år er lidne for Babylonia, skal eg sjå til dykk. Då vil eg gjera det eg har lova, og føra dykk heim att til denne staden.

11. For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von.

12. Når de kallar på meg og kjem til meg med bønene dykkar, vil eg høyra på dykk.

13. Når de søkjer meg, skal de finna meg. Ja, søkjer de meg av eit heilt hjarta,

14. lèt eg dykk finna meg, seier Herren. Så vil eg venda lagnaden dykkar og samla dykk frå alle dei folk og stader som eg har drive dykk bort til, lyder ordet frå Herren. Og eg vil la dykk koma heim att til den staden eg førte dykk bort ifrå.

15. De seier: «Herren har reist opp profetar mellom oss i Babylonia.»

16. Så seier Herren om kongen som sit på Davids kongsstol, og om alt folket som bur i denne byen, frendane dykkar, som ikkje laut fara bort frå landet saman med dykk,

17. ja, så seier Herren, Allhærs Gud: Sjå, eg sender imot dei sverd og svolt og pest og gjer dei lik sprokne fikenar, som er så ringe at dei ikkje kan etast.

18. Eg forfylgjer dei med sverd og svolt og pest og gjer dei til eit skræmebilete for alle rike på jorda, til forbanning og skræmsle, spott og vanære mellom alle dei folk eg har drive dei bort til,

19. fordi dei ikkje lydde mine ord, seier Herren. Endå eg sende tenarane mine, profetane, til dei både seint og tidleg, ville dei ikkje høyra, lyder ordet frå Herren.

20. Men høyr no Herrens ord, alle de bortførte, som eg sende frå Jerusalem til Babylonia!

21. Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud, om Akab Kolajason og om Sidkia Ma’asejason, som spår lygn for dykk i mitt namn: Eg gjev dei i hendene på Nebukadnesar, babylonarkongen, og han skal drepa dei for augo på dykk.

22. Og etter dei skal dei laga ei forbanning, alle dei bortførte frå Juda som er i Babylonia, og seia: «Gjev Herren må gjera med deg som med Sidkia og Akab, som babylonarkongen steikte på bålet!»

23. For dei gjorde eit skjemdarverk i Israel då dei dreiv hor med konene åt landsmennene sine og tala falske ord i mitt namn; det hadde eg ikkje sett dei til. Eg veit det og kan vitna om det, lyder ordet frå Herren.

24. Til Sjemaja frå Neklam skal du seia:

25. Så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: I ditt eige namn har du sendt brev til alt folket i Jerusalem, til presten Sefanja Ma’asejason og til alle dei andre prestane:

26. Herren har sett deg til prest etter Jojada, så du kan vera tilsynsmann i Herrens hus og sjå etter alle dei som er frå vitet og driv og spår; du skal setja dei i blokk og halsjern.

27. Kvifor talar du då ikkje Jeremia frå Anatot til rettes, han som driv og profeterer for dykk?

28. For han har sendt brev til oss i Babylonia og sagt: «Det kjem til å vara lenge. Bygg dykk hus og bu i dei, planta hagar og et frukta or dei!»

29. Dette brevet las presten Sefanja opp for profeten Jeremia.

30. Då kom Herrens ord til Jeremia, og det lydde så:

31. Send bod til alle dei bortførte og sei: Så seier Herren om Sjemaja frå Neklam: Sjemaja har drive og profetert for dykk, endå eg ikkje har sendt han, og han har fått dykk til å lita på lygn.

32. Difor seier Herren: Sjå, eg vil straffa Sjemaja frå Neklam og etterkomarane hans. Ingen av ætta hans skal få bu mellom israelittane og sjå kor mykje godt eg gjer mot folket mitt. For han har forkynt fråfall frå Herren, lyder ordet frå Herren.