Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48
  49. 49
  50. 50
  51. 51
  52. 52

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 24 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Dei to korgene med fiken

1. Dette synet lét Herren meg sjå: To korger med fiken var sette framfor Herrens tempel. Det var etter at Nebukadnesar, kongen i Babylonia, hadde teke Juda-kongen Jekonja, son til Jojakim, og hovdingane i Juda, handverkarane og smedane, og ført dei bort frå Jerusalem til Babylon.

2. I den eine korga var det fikenar av beste slag, like gode som tidlegfikenar. I den andre korga var det fikenar av ringaste slag, så ringe at dei ikkje kunne etast.

3. Herren sa til meg: «Kva ser du, Jeremia?» Eg svara: «Fikenar. Dei gode fikenane er av beste slag, og dei ringe er av ringaste slag og kan ikkje etast.»

4. Då kom Herrens ord til meg, og det lydde så:

5. Så seier Herren, Israels Gud: Som ein ser på desse gode fikenane, såleis ser eg med velvilje på dei bortførte frå Juda, dei som eg sende frå denne staden til Kaldearlandet.

6. Eg vender augo venleg mot dei og fører dei attende til dette landet. Eg vil byggja dei opp og ikkje riva ned, planta dei og ikkje rykkja opp.

7. Eg vil gje dei eit hjarta så dei kan kjenna meg, og skjøna at eg er Herren. Dei skal vera mitt folk, og eg vil vera deira Gud, når dei vender om til meg av heile sitt hjarta.

8. Men som ein gjer med ringe fikenar, så ringe at dei ikkje kan etast, seier Herren, såleis vil eg gjera med Juda-kongen Sidkia og hovdingane hans og resten av folket i Jerusalem, både dei som er att her i landet, og dei som no bur i Egypt.

9. Eg gjer dei til eit skræmebilete og ei ulukke for alle rike på jorda, til ei vanære og eit ordtak, eit spottord og ei forbanning på alle dei stader eg driv dei bort til.

10. Eg sender mot dei sverd og svolt og pest, til dei vert reint utrudde frå den jord eg gav dei og fedrane deira.