Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48
  49. 49
  50. 50
  51. 51
  52. 52

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 33 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Atterreisinga av Jerusalem og Juda

1. Herrens ord kom til Jeremia andre gongen medan han sat fengsla i vaktgarden, og det lydde så:

2. Så seier Herren, han som skapte og forma jorda og gjorde henne fast, – Herren er hans namn:

3. Rop til meg, så vil eg svara deg og fortelja deg store, uskjønelege ting, som du ikkje kjenner til.

4. For så seier Herren, Israels Gud, om husa her i byen og om Juda-kongens gardar, som vart rivne ned for å brukast til vollar og vern

5. då folket kom i strid med kaldearane og byen vart fylt med lik av menneske: Eg har slege dei ned i min vreide og harme og vendt meg bort frå denne byen, fordi dei har gjort så mykje vondt.

6. Sjå, eg vil la såra gro, lækja og heila dei, og så vil eg syna dei ein rikdom av varig fred og lukke.

7. Eg vil venda lagnaden for Juda og Israel og byggja dei som i den fyrste tid.

8. Eg vil reinsa dei for all skuld dei førte over seg då dei synda mot meg, og tilgje dei alle misgjerningane dei gjorde mot meg då dei svikta meg.

9. Og byen skal få eit namn som vert til glede for meg, til pris og ære mellom alle folkeslag på jorda, når dei høyrer om alt det gode eg gjer for dei. Då skal dei skjelva i undring over all den lukke og fred eg gjev dei.

10. Så seier Herren: De seier at dette er ein øydestad, utan menneske og dyr. Men her, i byane i Juda og på gatene i Jerusalem, som er så aude at ingen held til der, korkje folk eller fe, der skal det endå ein gong lyda

11. fagnadrop og glederop, røyst av brudgom og røyst av brur, rop av folk som ber fram takkoffer i Herrens hus og seier: «Pris Herren, Allhærs Gud, for han er god, evig varer hans miskunn!» For eg vil venda lagnaden for landet, så det vert som i den fyrste tid, seier Herren.

12. Så seier Herren, Allhærs Gud: På denne staden som no ligg aud, utan menneske og dyr, og i alle byane her ikring, skal det atter vera beite, der gjætarar lèt sauene roa seg.

13. I alle byane, både i fjell-landet, Sjefela og Negev, i Benjamins-landet og området rundt Jerusalem og i Juda-byane skal saueflokkar endå ein gong gå fram under handa åt han som tel dei, seier Herren.

14. Sjå, dagar skal koma, lyder ordet frå Herren, då eg oppfyller den gode lovnaden eg gav Israel og Juda.

15. I dei dagar, når den tid kjem, lèt eg ein rettferdig renning veksa fram i Davids-ætta. Han skal gjera rett og rettferd i landet.

16. I dei dagane skal Juda verta frelst og Jerusalem bu trygt. Og dette er namnet byen skal få: «Herren, vår rettferd».

17. For så seier Herren: Det skal aldri vanta ein mann av Davids ætt til å sitja på Israels kongsstol.

18. Mellom levittprestane skal det heller ikkje vanta menn som kan tena meg og til alle tider bera fram brennoffer, brenna grødeoffer og laga til slaktoffer.

19. Herrens ord kom til Jeremia, og det lydde så:

20. Så seier Herren: Kan de bryta mi pakt med dagen og natta, så dag og natt ikkje kjem i rett tid,

21. då skal òg mi pakt med David, tenaren min, brytast, så han ikkje får nokon son som kan sitja på kongsstolen hans, og like eins pakta med levittprestane som gjer teneste for meg.

22. Etterkomarane etter David, tenaren min, og etter levittane, som tener meg, gjer eg talrike som himmelhæren, som ikkje kan teljast, og sanden ved havet, som ikkje kan mælast.

23. Herrens ord kom til Jeremia, og det lydde så:

24. Har du ikkje lagt merke til kva dette folket seier: «Dei to ættene som Herren valde ut, har han støytt frå seg.» Såleis vanærar dei folket mitt, fordi dei ikkje lenger held det for å vera eit folk.

25. Så seier Herren: Dersom eg ikkje har gjort pakt med dag og natt og ikkje gjeve lover for himmel og jord,

26. vil eg støyta frå meg ætta åt Jakob og åt David, tenaren min, og ikkje ta nokon av etterkomarane hans til å råda over Abrahams, Isaks og Jakobs ætt. Men eg vil venda lagnaden deira og miskunna meg over dei.