Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48
  49. 49
  50. 50
  51. 51
  52. 52

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Kvifor har dei vonde lukka med seg?

1. Herre, du har alltid rettnår eg fører sak med deg.Likevel må eg føra klagemål ¬mot deg.Kvifor har dei vonde ¬lukka med seg,kvifor er alle ¬dei trulause trygge?

2. Du plantar dei, ¬og dei røter seg;dei veks og ber frukt.Nær er du i deira munn,men langt borte frå ¬deira hjarta.

3. Men du, Herre, ¬ser og kjenner meg,du prøver mitt huglag ¬mot deg.Skil dei ut som slaktesauer,og vigsla dei til offerdagen!

4. Kor lenge skal landet sturaog alt som gror på marka, ¬turka bort?Fordi dei som bur i landet, ¬er vonde,skal både fugl og fe ¬gå til grunne.Folk seier: «Han ser ikkjekorleis det går oss til slutt.»

5. Når du vert trøytt av å springasaman med folk til fots,korleis kan du då kappspringa ¬med hestar?Og er du trygg ¬berre i fredeleg land,kva har du då å gjerai den fine Jordan-skogen?

6. Brørne dine og farsætta di,jamvel dei er trulause mot deg;dei ropar etter deg av full hals.Du må ikkje eingong lita på deinår dei talar venleg til deg.

Heile landet er lagt i øyde

7. Eg har gått frå huset mittog gjeve opp arven min.Henne som eg elska,har eg gjeve i fiendevald.

8. Mitt eige folk har vorte for megsom ei løve i tette skogen.Dei brøler mot meg;difor har eg uvilje mot dei.

9. Er folket mitt ein spreklet fuglsom rovfuglar ¬samlar seg ikring?Lat alle villdyr i marka samlast,før dei hit, så dei kan eta!

10. Gjætarar i mengd ¬har herja min vingardog trakka ned mi odelsjord;dei har gjort mitt herlege land ¬til ei livlaus audn,

11. til ei sturande øydemark;uhyggjeleg audt ¬ligg det framføre meg.Heile landet er lagt i øyde,og ingen bryr seg om det.

12. Over alle dei snaue høgdene ¬i øydemarkakom herjande hopar.For Herren har eit sverd ¬som øyderfrå eine enden av landet til hin,så ingen skapning finn fred.

13. Dei sådde kveite ¬og haustar klunger,dei streva til inga nytte.Dei får berre skam av si avlingfordi Herren ¬er brennande harm.

Kva Gud vil gjera med Israels grannefolk

14. Så seier Herren om alle dei vonde grannefolka som rører det landet eg har gjeve Israel, folket mitt, til odel og eige: Eg rykkjer dei opp or jorda deira, og Juda-ætta rykkjer eg opp midt imellom dei.

15. Men sidan, etter at eg har rykt dei opp, vil eg atter miskunna meg over dei og føra dei heim att, kvar til sin odel og sitt land.

16. Og lærer dei seg då å gjera som folket mitt, så dei sver ved mitt namn og seier: «Så sant Herren lever», liksom dei før lærte folket mitt å sverja ved Ba’al, då skal dei byggjast opp att midt imellom folket mitt.

17. Men vil dei ikkje høyra, då rykkjer eg opp det folket, rykkjer det opp og gjer ende på det, lyder ordet frå Herren.