Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48
  49. 49
  50. 50
  51. 51
  52. 52

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 23 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Herren set inn nye hyrdingar

1. Ve dei hyrdingane som øydelegg og spreier den flokken eg har på beite, lyder ordet frå Herren.

2. Difor seier Herren, Israels Gud, om hyrdingane som gjæter folket mitt: De har spreitt sauene mine og jaga dei bort og har ikkje teke dykk av dei. No skal eg ta meg av dykk og straffa dykk for det vonde de har gjort, lyder ordet frå Herren.

3. Så vil eg samla det som er att av sauene mine frå alle dei land eg har drive dei bort til. Eg vil føra dei tilbake til deira eigne beitemarker, og der skal dei auka og verta mange.

4. Då vil eg setja nye hyrdingar til å gjæta dei, så dei ikkje lenger skal skjelva av redsle, og ingen av dei skal saknast, lyder ordet frå Herren.

Den rettferdige renningen

5. Sjå, dagar skal koma, ¬lyder ordet frå Herren,då eg lèt ein rettferdig renningveksa fram i Davids-ætta.Han skal vera konge ¬og styra med visdomog gjera rett og rettferd i landet.

6. I hans dagar ¬skal Juda verta frelstog Israel bu trygt.Og dette er namnet han skal få:Herren, vår rettferd.

7. Difor skal dagar koma, lyder ordet frå Herren, då dei ikkje lenger skal seia: «Så sant Herren lever, han som førte israelittane opp frå Egypt»,

8. men: «Så sant Herren lever, han som førte etterkomarane av Israels ætt heim att frå landet i nord», og frå alle dei andre landa eg hadde drive dei bort til, så dei kan få bu på si eiga jord.

Dom over lygnprofetane

9. Om profetane. Mitt hjarta er knust i min barm,alle mine lemer skjelv.Eg er som ein drukken mann,ein som vinen har maktstole.Det kjem frå Herren, ¬frå hans heilage ord.

10. Landet er fullt ¬av ekteskapsbrytararog sturer fordi det er forbanna;beita i øydemarka turkar bort.Folk spring ¬etter det som vondt er,og har sin styrke i urett.

11. Både prest og profet ¬er gudlause;jamvel i mitt eige hushar eg møtt deira vondskap,lyder ordet frå Herren.

12. Difor skal vegen deiraverta glatt og sleip for dei.Dei glid i mørkret og dett.For eg fører ulukke over deidet året eg krev dei ¬til rekneskap,lyder ordet frå Herren.

13. Hjå profetane i Samariasåg eg usømelege ting.Dei tala profetord ved Ba’alog førte Israel, folket mitt, vilt.

14. Hjå profetane i Jerusalemhar eg sett gruelege ting.Dei bryt ekteskapet ¬og fer med lygn,dei stør og styrkjer ¬ugjerningsmenn,så ingen vender om ¬frå sin vondskap.For meg har dei alle ¬vorte som Sodoma,folket i byen er som Gomorra.

15. Difor seier Herren, ¬Allhærs Gud,om desse profetane:Eg gjev dei malurt å etaog giftig vatn å drikka.For frå profetane i Jerusalemhar gudløysa nått ut ¬over heile landet.

16. Så seier Herren, Allhærs Gud:Høyr ikkje på det dei seier,profetane som spår for dykk!Dei berre narrar dykk.Frå deira eige hjartaog ikkje frå Herrens munnkjem dei syner dei ber fram.

17. Til dei som vanvørder ¬Herrens ord,seier dei: ¬«Det skal gå dykk vel,»og til alle som fylgjer ¬sitt harde hjarta:«Inga ulukke ¬skal koma over dykk.»

18. Kven har vore med ¬i Herrens råd,så han merka og høyrde ¬hans ord?Kven akta på hans ord ¬og lydde det?

19. No bryt harmen ut ¬som eit Herrens ver,ein kvervelstorm fer av stadog kvervlar mot hovuda på ¬dei gudlause.

20. Herrens vreide legg seg ikkjefør han har sett i verk ¬og fullførtdet han hadde tenkt å gjera.Til sist, i dagar som kjem,skal de skjøna dette heilt.

21. Eg har ikkje sendt profetane,og likevel spring dei av stad;eg har ikkje tala til dei,og likevel stig dei fram ¬som profetar.

22. Men hadde dei vore med ¬i mitt råd,då hadde dei forkynt mine ord ¬for mitt folkog fått det til å venda omfrå si vonde ferd ¬og sine vonde gjerningar.

23. Er eg ein gud som berre er nær, ¬seier Herren,og ikkje ein gud langt borte?

24. Kan nokon gøyma seg ¬på løynlege staderså eg ikkje ser han? ¬seier Herren.Fyller ikkje eg ¬både himmel og jord?lyder ordet frå Herren.

25. Eg har høyrt kva dei seier, dei profetane som spår lygn i mitt namn. «Eg har drøymt, eg har drøymt,» seier dei.

26. Kor lenge skal dei tenkja så, desse profetane som spår lygn og forkynner sine svikefulle påfunn?

27. Med draumane som dei fortel kvarandre, tenkjer dei å få folket mitt til å gløyma meg, liksom fedrane deira gløymde mitt namn og dyrka Ba’al.

28. Den profeten som har ein draum, han får fortelja draumen; men den som har mitt ord, han skal tala mitt ord i sanning.Kva har halmen ¬sams med kornet?lyder ordet frå Herren.

29. Mitt ord, ¬er ikkje det som ein eld,lik ei sleggje som knuser fjell? ¬seier Herren.

30. Difor vender eg meg mot profetane, seier Herren, dei som stel orda mine frå kvarandre.

31. Sjå, eg vender meg mot profetane, seier Herren, dei som ber fram profetord berre dei får tunga på glid.

32. Eg vender meg mot profetane som har lygndraumar og fortel dei, seier Herren. Dei fører folket mitt vilt med lygnene sine og skrytet sitt. Eg har ikkje sendt dei eller gjeve dei noko påbod, og dei er ikkje til minste gagn for dette folket, lyder ordet frå Herren.

Bruk ikkje ordlaget «Herrens domsord»!

33. Når dette folket eller ein profet eller prest spør deg kva for tunge domsord du ber fram frå Herren, skal du svara dei: «Det er de som er ei bør for meg, men eg vil kasta dykk av,» lyder ordet frå Herren.

34. Om presten, profeten eller nokon av folket seier «Herrens domsord», då krev eg mannen og ætta hans til rekneskap.

35. Nei, så skal de seia til kvarandre når de talar saman om dette: «Kva svarar Herren?» eller «Kva seier Herren?»

36. Men «Herrens domsord» skal de aldri nemna meir. Når nokon seier det, vert ordet ei bør for han sjølv. For då rengjer de ordet frå den levande Gud, Herren, Allhærs Gud, som er vår Gud.

37. Så skal du seia til profeten: «Kva svarar Herren deg?» eller «Kva seier Herren?»

38. Men brukar de ordlaget «Herrens domsord», då seier Herren: Fordi de brukar ordlaget «Herrens domsord», endå eg har sendt bod og sagt at de ikkje må tala såleis,

39. sjå, difor lyfter eg dykk opp og kastar dykk frå meg, både dykk og den byen eg gav dykk og fedrane dykkar.

40. Eg legg på dykk ei evig skam og ei evig vanære, som aldri skal gløymast.