Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40
  41. 41
  42. 42
  43. 43
  44. 44
  45. 45
  46. 46
  47. 47
  48. 48
  49. 49
  50. 50
  51. 51
  52. 52

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Jeremia 37 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Jeremia åtvarar kong Sidkia

1. Sidkia, son til Josjia, vart konge etter Konja, son til Jojakim. Nebukadnesar, babylonarkongen, gjorde han til konge i Juda.

2. Korkje Sidkia eller mennene hans eller folket i landet ville høyra på dei orda som Herren tala gjennom profeten Jeremia.

3. Likevel sende kongen Jehukal, son til Sjelemja, og presten Sefanja, son til Ma’aseja, til profeten Jeremia. Dei skulle seia: «Bed for oss til Herren vår Gud!»

4. På den tid gjekk Jeremia fritt ikring mellom folket; dei hadde endå ikkje sett han i fengsel.

5. No hadde faraos hær fare ut frå Egypt. Kaldearane som kringsette Jerusalem, fekk høyra om det og tok ut frå byen.

6. Då kom Herrens ord til profeten Jeremia, og det lydde så:

7. Så seier Herren, Israels Gud: Dette skal de seia til Juda-kongen, som har sendt dykk for å spørja meg til råds: Faraos hær, som har drege ut for å hjelpa dykk, kjem til å venda attende til landet sitt, til Egypt.

8. Og så kjem kaldearane att og går til strid mot denne byen. Dei kjem til å ta han og brenna han.

9. Så seier Herren: De må ikkje narra dykk sjølve og seia: «Kaldearane fer visseleg bort frå oss.» For det gjer dei ikkje.

10. Om de slo heile kaldearhæren som går til strid mot dykk, og dei berre hadde att nokre menn som var hardt såra, skulle dei alle reisa seg frå telta sine og brenna byen.

Jeremia i fengsel

11. Då kaldearhæren hadde teke ut frå Jerusalem av otte for faraos hær,

12. gjekk Jeremia ut or byen. Han skulle til Benjamins-landet og skifta ein arv med folket sitt der.

13. Men då han kom til Benjamins-porten, møtte han ein høgare vaktmann som heitte Jeria og var son til Sjelemja Hananjason. Han tok tak i profeten Jeremia og sa: «Du vil gå over til kaldearane!»

14. «Det er lygn!» sa Jeremia. «Eg vil ikkje gå over til kaldearane.» Men Jeria høyrde ikkje på han. Han tok Jeremia og førte han til stormennene.

15. Dei vart harme på Jeremia, slo han og sette han fast i huset åt statsskrivaren Jonatan; for det hadde dei gjort om til fengsel.

16. Såleis kom Jeremia i fangeholet under kjellarkvelven, og der vart han sitjande i mange dagar.

17. Men så sende kong Sidkia bod og henta han til slottet og spurde han i løynd: «Har det kome noko ord frå Herren?» «Ja,» svara Jeremia og heldt fram: «Du skal gjevast i hendene på babylonarkongen.»

18. Så sa Jeremia til kong Sidkia: «Kva vondt har eg gjort mot deg og mennene dine og dette folket, sidan de har sett meg i fengsel?

19. Og kvar er no profetane dykkar, som spådde at babylonarkongen ikkje ville koma og strida mot dykk og dette landet?

20. Høyr no, herre konge! Lat mi audmjuke bøn koma fram for deg! Send meg ikkje attende til huset åt statsskrivaren Jonatan, og lat meg ikkje døy der!»

21. Då sa kong Sidkia frå at dei skulle halda Jeremia i varetekt i vaktgarden. Der fekk han kvar dag brød frå Bakargata, til det var slutt på brødet i byen. Og Jeremia vart sitjande i vaktgarden.