Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 1 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Trældomen i Egypt

1. Dette er namna på Israels-sønene som kom til Egypt saman med Jakob, kvar med sin huslyd:

2. Ruben, Simeon, Levi, Juda,

3. Jissakar, Sebulon, Benjamin,

4. Dan, Naftali, Gad og Asjer.

5. Dei som ættast frå Jakob, var sytti i talet. Josef var alt i Egypt.

6. Så døydde Josef og alle brørne hans og heile den ættleden.

7. Men Israels-folket voks og auka; det vart så stort og talrikt at det fylte heile landet.

8. Då kom det ein ny konge i Egypt, som ikkje visste noko om Josef.

9. Han sa til folket sitt: «Sjå, Israels-folket er større og sterkare enn vi.

10. Lat oss fara klokt fram, så dei ikkje skal auka endå meir! For kjem det krig, slår dei seg kanskje saman med fiendane våre, strider mot oss og fer frå landet!»

11. Så sette egyptarane futar over israelittane. Dei skulle plaga dei med tvangsarbeid. Israelittane laut byggja to byar med lagerhus for farao; det var Pitom og Ramses.

12. Men di meir egyptarane plaga dei, di meir auka dei, og di meir breidde dei seg ut, så egyptarane vart redde dei.

13. Dei nøydde israelittane til å træla for seg

14. og gjorde livet surt for dei med hardt arbeid i leirtaka og teglverka og med allslags jordarbeid. Alt dette trælearbeidet tvinga dei israelittane til å gjera.

15. Kongen i Egypt sa til jordmødrene åt hebrearkvinnene – den eine heitte Sjifra og den andre Pua:

16. «Når de hjelper ei hebrearkone til å føda, skal de sjå etter i fødestolen. Er det då ein gut, skal de drepa han; er det ei jente, kan ho få leva.»

17. Men jordmødrene hadde age for Gud og gjorde ikkje som egyptarkongen sa; dei lét gutane leva.

18. Då kalla kongen jordmødrene til seg og sa til dei: «Kvifor gjer de dette og lèt gutane leva?»

19. Jordmødrene svara farao: «Dei hebraiske kvinnene er ikkje som dei egyptiske, dei er sterkare; før jordmora kjem, har dei fått barnet.»

20. Då gjorde Gud vel imot jordmødrene. Folket auka og vart svært talrikt.

21. Og fordi jordmødrene hadde age for Gud, gav han dei etterkomarar.

22. Då gav farao heile folket sitt dette påbodet: «Kvar son som vert fødd hjå hebrearane, skal de kasta i Nilen; men døtrene skal de la leva!»