Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 33 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Sidan sa Herren til Moses: «Ta ut herifrå, både du og det folket du har ført opp frå Egypt, og far til det landet som eg med eid lova Abraham og Isak og Jakob då eg sa: Di ætt vil eg gje det.

2. Eg sender ein engel framføre deg og driv ut kanaanearane, amorittane, hetittane, perisittane, hevittane og jebusittane.

3. Far opp til det landet som fløymer med mjølk og honning! Men eg vil ikkje fara med deg, for du er eit stridlyndt folk; elles kunne eg gjera ende på deg på vegen.»

4. Då folket høyrde denne harde talen, syrgde dei, og ingen tok på seg prydnadstinga sine.

5. Men Herren sa til Moses: «Sei til israelittane: De er eit stridlyndt folk. Om eg berre ein augneblink fylgdest med deg, laut eg gjera ende på deg. Men legg no bort prydnaden din, så eg kan vita kva eg skal gjera med deg!»

6. Då la israelittane bort prydnaden sin, frå den tid dei stod innmed Horeb-fjellet.

Møteteltet

7. Moses tok eit telt og sette det opp utanfor leiren, eit godt stykke ifrå. Han kalla det møteteltet. Alle som ville spørja Herren til råds, gjekk til dette teltet utanfor leiren.

8. Kvar gong Moses gjekk ut til teltet, reiste heile folket seg, stod kvar i si teltdør og såg etter han til han var komen inn.

9. Og når Moses var komen inn i teltet, fór skystolpen ned og vart ståande i teltdøra, og Herren tala til Moses.

10. Når folket såg skystolpen stå i teltdøra, reiste dei seg alle saman og bøygde seg til jorda, kvar i si teltdør.

11. Så tala Herren med Moses, åsyn til åsyn, som ein mann talar med ein annan. Sidan gjekk Moses attende til leiren. Men tenaren hans, ein unggut som heitte Josva Nunsson, heldt seg støtt i teltet.

Herren lovar å gå med

12. Moses sa til Herren: «Du seier at eg skal føra dette folket opp. Men eg får ikkje vita kven du vil senda med meg, endå du har sagt at du kjenner meg vel og har godvilje for meg.

13. Er det så at du har godvilje for meg, så syn meg vegane dine, så eg kan læra deg å kjenna og finna nåde hjå deg. Kom i hug at dette er ditt eige folk!»

14. Då sa Herren: «Sjølv skal eg gå med, og eg skal føra deg til ro.»

15. Moses svara: «Går ikkje du med, så lat oss sleppa å fara herifrå!

16. Korleis kan eg vita at du har godvilje for meg og folket ditt utan at du går med oss, så eg og folket ditt får ære framfor alle folkeslag på jorda?»

17. Då sa Herren til Moses: «Det du bed om, vil eg gjera; for eg har godvilje for deg og kjenner deg vel.»

18. «Så lat meg få sjå herlegdomen din!» sa Moses.

19. Han svara: «Eg vil gå framom deg i all min godleik og ropa ut for deg namnet mitt, Herren. For eg er nådig mot den eg er nådig mot, og miskunnar den eg miskunnar.

20. Du kan ikkje få sjå andletet mitt,» sa han; «for det mennesket som ser meg, kan ikkje leva.»

21. Sidan sa Herren: «Sjå, her er ein stad tett attmed meg; stå der på berget!

22. Når så herlegdomen min fer framom, skal eg setja deg i bergskorta og halda handa mi over deg til dess eg har kome framom.

23. Så vil eg ta handa mi bort; då kan du sjå meg attantil; men andletet mitt kan ingen sjå.»