Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 4 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Moses svara: «Dei vil vel ikkje tru meg og ikkje høyra på meg, men seia at Herren ikkje har synt seg for meg.»

2. Då spurde Herren: «Kva er det du har i handa?» «Ein stav,» svara han.

3. «Kast han på jorda!» sa Herren. Så kasta Moses staven på jorda. Då vart han til ein orm, og Moses rømde for ormen.

4. Men Herren sa: «Rett ut handa og grip han i sporden!» Så rette han ut handa og treiv ormen. Då vart han til ein stav i handa hans.

5. «No må dei vel tru at Herren, deira fedrars Gud, Abrahams Gud, Isaks Gud og Jakobs Gud, har synt seg for deg.»

6. Og Herren heldt fram: «Stikk handa inn på brystet!» Så stakk han handa inn på brystet, og då han drog henne ut att, var ho teken av hudsjukdom og såg ut som snø.

7. Då sa Herren: «Stikk handa inn på brystet endå ein gong!» Moses stakk handa inn på brystet att, og då han drog henne ut, var ho like frisk og god som før.

8. Då sa Herren: «Om dei ikkje trur deg og ikkje bryr seg om det fyrste teiknet, så vil dei visseleg tru på det andre.

9. Men trur dei ikkje på noko av desse to teikna, og høyrer dei ikkje på deg, så skal du henta vatn i Nilen og slå det ut over turre marka. Og vatnet som du tek frå Nilen, skal verta til blod på marka.»

10. Men Moses sa til Herren: «Høyr meg, Herre! Eg har aldri vore nokon veltalande mann, korkje før eller no etter at du tok til å tala med tenaren din; eg er både tungmælt og seinmælt.»

11. Då sa Herren: «Kven er det som har gjeve mennesket munn? Kven er det som gjer mållaus eller døv, sjåande eller blind? Er det ikkje eg, Herren?

12. Gå no, så skal eg vera med deg når du talar, og læra deg kva du skal seia!»

13. Men han sa: «Å Herre, send ein annan, send kven du vil!»

14. Då vart Herren harm på Moses og sa: «Har du ikkje Aron, bror din, levitten? Eg veit at han kan tala. No kjem han og møter deg, og når han ser deg, vert han hjarteglad.

15. Han skal du tala til og leggja orda i munnen på. Så skal eg vera med både deg og han når de talar, og læra dykk kva de skal gjera.

16. Han skal tala til folket for deg. Såleis skal han vera munn for deg, og du skal vera som Gud for han.

17. Ta denne staven i handa; den skal du gjera teikna med!»

18. Så gjekk Moses heim att til Jetro, verfar sin, og sa: «No vil eg fara attende til frendane mine i Egypt og sjå om dei enno lever.» Jetro svara: «Far i fred!»

19. Medan Moses var i Midjan, sa Herren til han: «Ta ut og far attende til Egypt! For no er dei borte alle dei som leita etter deg og ville drepa deg.»

20. Så tok Moses kona si og sønene sine og sette dei på eit esel og fór attende til Egypt. Gudsstaven hadde han i handa.

21. Og Herren sa til Moses: «Når du kjem attende til Egypt, sjå då til at du gjer alle dei undera eg har gjeve deg makt til, så farao ser på! Men eg vil gjera han hard i hugen, så han ikkje lèt folket fara.

22. Då skal du seia til farao: Så seier Herren: Israel er son min, den eldste av sønene mine.

23. Eg seier til deg: Lat son min fara, så han kan tena meg! Men nektar du han å fara, vil eg slå i hel den eldste sonen din.»

24. Medan Moses var på vegen og stogga natta over ein stad, kom Herren imot han og ville drepa han.

25. Då tok Sippora ein kvass stein og skar av førehuda på son sin. Ho kom nær Moses mellom føtene og sa: «Du er meg ein blodbrudgom.»

26. Så lét Herren han vera. Det var omskjeringa ho tenkte på då ho sa blodbrudgom.

27. Herren sa til Aron: «Gå og møt Moses i øydemarka!» Då gjekk han og møtte Moses attmed Guds-fjellet og kyste han.

28. Og Moses kunngjorde for Aron alle dei ord som Herren hadde sendt han med, og alle dei teikn han hadde sett han til å gjera.

29. Så gjekk Moses og Aron og samla alle dei eldste av israelittane.

30. Aron bar fram alle dei orda som Herren hadde tala til Moses, og han gjorde teikna, medan folket såg på.

31. Og folket trudde. Då dei høyrde at Herren hadde teke seg av israelittane og sett kva vande dei var i, bøygde dei seg til jorda og tilbad.