Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Herren sa til Moses: «Gå til farao og sei til han: Så seier Herren, Hebrearguden: Lat folket mitt fara, så dei kan tena meg!

2. For nektar du å la dei fara, og held du dei att endå lenger,

3. skal Herren leggja si hand på husdyra dine ute på marka, både hestar, esel og kamelar og storfe og småfe, og søkja dei med ein fæl pest.

4. Men Herren skal gjera skil på husdyra åt israelittane og husdyra åt egyptarane; det skal ikkje døy noko av alt det som høyrer israelittane til.

5. Og Herren har fastsett tida: I morgon skal Herren la dette henda i landet.»

6. Dagen etter gjorde Herren som han hadde sagt. Og alle husdyra åt egyptarane døydde, men hjå israelittane døydde det ikkje eit dyr.

7. Då farao sende bod, fekk han vita at ikkje eitt av dyra åt israelittane hadde døytt. Men farao gjorde seg hard og lét ikkje folket fara.

8. Herren sa til Moses og Aron: «Ta hendene fulle med sot frå omnen, og Moses skal kasta det opp i veret så farao ser på!

9. Då skal det verta til støv over heile Egypt, og støvet skal setja svullar som bryt ut med blemmer både på folk og fe i heile Egypt.»

10. Så tok dei sot frå omnen og gjekk fram for farao, og Moses kasta det opp i veret. Då kom det svullar både på folk og fe.

11. Og spåmennene greidde ikkje møta Moses for svullane skuld. For det kom svullar på spåmennene som på alle andre egyptarar.

12. Men Herren gjorde farao hard i hugen, så han ikkje høyrde på dei. Det gjekk som Herren hadde sagt til Moses.

13. Så sa Herren til Moses: «I morgon tidleg skal du gå fram for farao og seia til han: Så seier Herren, Hebrearguden: Lat folket mitt fara, så dei kan tena meg!

14. For denne gongen vil eg senda alle plagene mine over deg og mennene dine og folket ditt, så du kan skjøna at ingen er som eg på heile jorda.

15. Eg kunne alt ha rett ut handa og slege deg og folket ditt med pest, så de hadde vorte utrudde frå jorda.

16. Men eg har likevel halde deg oppe av di eg ville syna deg makta mi og gjera namnet mitt kjent over heile jorda.

17. Enno står du imot folket mitt og lèt dei ikkje fara.

18. Difor vil eg i morgon på denne tid senda eit fælt haglver, som det aldri har vore maken til i Egypt frå den dagen landet vart skapt og til no.

19. Send i veg folk og berga buskapen din og alt det du har på marka! Haglet skal falla på alt som er ute og ikkje kjem seg i hus, anten det er folk eller fe, og dei skal døy.»

20. Dei av tenarane åt farao som hadde age for Herrens ord, berga då folket sitt og buskapen sin i hus.

21. Men dei som ikkje brydde seg om Herrens ord, lét både folk og buskap vera ute på marka.

22. Herren sa til Moses: «Rett handa opp mot himmelen, så skal det koma hagl i heile Egypt, over folk og fe og over kvar plante som veks i Egypt!»

23. Så rette Moses staven sin opp mot himmelen. Då sende Herren torever og hagl, og lyn fór ned på jorda; Herren lét det hagla over Egypt.

24. Haglet kom, og midt i haglflaumen gjekk det lyn i lyn. Aldri hadde det vore slikt uver i Egypt etter at folk busette seg der.

25. Og haglet slo ned alt som ute var i heile Egypt, både folk og fe. Det knekte kvar plante og knuste kvart tre på marka.

26. Men i Gosen, der israelittane budde, kom det ikkje hagl.

27. Då sende farao bod etter Moses og Aron og sa til dei: «Denne gongen har eg synda. Herren har rett, eg og folket mitt har urett.

28. Bed til Herren at han må gjera slutt på toreslåtten og haglet! Så skal eg la dykk fara, og de treng ikkje vera her lenger.»

29. Moses svara: «Så snart eg kjem ut or byen, skal eg lyfta hendene og be til Herren. Då skal tora halda opp og haglet driva av, så du skal skjøna at jorda høyrer Herren til.

30. Men det veit eg at du og tenarane dine enno ikkje har age for Herren Gud.»

31. Både lin og bygg var nedslegne; for bygget stod med aks og linet i blom.

32. Men kveiten og spelten var ikkje nedslegne; for dei vert mogne seinare.

33. Moses gjekk bort frå farao og ut or byen, og han lyfte hendene til Herren. Då heldt tora og haglveret opp, og regnet strøymde ikkje ned på jorda meir.

34. Men då farao såg at regnet og haglet og tora hadde stogga, heldt han fram med å synda; dei gjorde seg harde, både han og tenarane hans.

35. Det gjekk som Herren hadde sagt gjennom Moses: Farao gjorde seg hard og ville ikkje la israelittane fara.