Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 21 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Dette er dei lovene du skal leggja fram for israelittane:

2. Når du kjøper ein hebraisk træl, skal han tena seks år. Men i det sjuande året skal han gjevast fri utan vederlag.

3. Er han einsleg når han kjem, skal han fara sin veg einsleg. Er han gift når han kjem, skal kona hans vera med han når han fer.

4. Har han fått ei kone av husbonden sin og får søner eller døtrer med henne, skal kona og borna høyra husbonden hennar til, og han skal fara sin veg åleine.

5. Men seier trælen: «Eg held av husbonden min og kona mi og borna mine, eg vil ikkje vera fri»,

6. då skal husbonden føra han fram for Gud og leia han bort til døra eller dørstolpen, og husbonden skal stikka ein syl gjennom øyra hans. Så skal han vera trælen hans all si tid.

7. Når ein mann sel dotter si til trælkvinne, skal ho ikkje gjevast fri liksom trælane.

8. Har husbonden sett henne ut åt seg sjølv og så ikkje likar henne, skal han la henne kjøpast fri. Han har ikkje rett til å selja henne til utlendingar, sidan han har vore trulaus mot henne.

9. Men har han sett henne ut åt son sin, skal han gje henne same retten som døtrer har.

10. Får sonen endå ei kone, skal han ikkje la den fyrste vanta mat, klede eller ekteskapeleg omgang.

11. Dersom han ikkje lèt henne få desse tre tinga, skal ho gjevast fri utan vederlag, utan betaling.

12. Den som slår til ein mann så han døyr, skal lata livet.

13. Men har han ikkje stått mannen etter livet, og er det Gud som har late han falla for hans hand, så skal eg fastsetja ein stad han kan røma til.

14. Når ein mann gjer ein slik udåd at han drep nesten sin med svik, skal du ta han, om det så er frå altaret mitt; han skal døy.

15. Den som slår far sin eller mor si, skal døy.

16. Den som stel eit menneske, skal døy, anten han sel det eller det finst hjå han.

17. Den som forbannar far sin eller mor si, skal døy.

18. Når to menn trettar, og den eine slår den andre med ein stein eller med neven, så han vert sengeliggjande, men ikkje døyr,

19. då skal gjerningsmannen sleppa straff dersom hin kjem opp att og kan gå ute med stav. Han skal berre halda han skadelaus for den tida han har tapt, og kosta full lækjedom på han.

20. Når ein mann slår trælen sin – eller trælkvinna si – med staven sin så han døyr for hans hand, då skal mannen straffast.

21. Men lever trælen ein dag eller to, skal han ikkje straffast; for trælen er hans eigedom.

22. Når to menn slåst, og dei støyter til ei kvinne som er med barn, så ho misser fosteret, utan at det elles hender noka ulukke, då skal gjerningsmannen svara den skadebota som mannen hennar legg på han, og det skal gjerast hjå domarane.

23. Men hender det ei ulukke, skal du bøta liv for liv,

24. auga for auga, tann for tann, hand for hand, fot for fot,

25. brannsår for brannsår, sår for sår, flengje for flengje.

26. Når ein mann slår trælen sin eller trælkvinna si i auga og skamfer det, skal han til vederlag for auga gje dei fri.

27. Slår han ut ei tann på trælen sin eller trælkvinna si, skal han til vederlag for tanna gje dei fri.

28. Når ein okse stangar i hel ein mann eller ei kvinne, skal oksen steinast, og kjøtet må ikkje etast. Men eigaren skal sleppa straff.

29. Men var oksen olm på førehand, og eigaren ikkje såg etter han, endå han hadde vorte åtvara, og han så drep ein mann eller ei kvinne, då skal oksen steinast, og eigaren skal òg døy.

30. Vert han ilagd ei bot, skal han betala så mykje i løysepengar for livet sitt som dei krev av han.

31. Er det ein gut eller ei jente oksen stangar, skal dei fara fram etter same lova.

32. Er det ein træl eller ei trælkvinne oksen stangar, skal eigaren gje husbonden deira tretti sekel sølv, og oksen skal steinast.

33. Når ein mann lèt ein brunn stå open, eller grev ein brunn og ikkje tekkjer over, og ein okse eller eit esel dett nedi,

34. då skal den som eig brunnen, gje vederlag for det; han skal gje pengar til den som åtte dyret, men det daude dyret skal vera hans.

35. Når oksen åt ein mann stangar i hel oksen åt ein annan, skal dei selja den levande oksen og dela pengane, og det daude dyret skal dei òg dela.

36. Men var det kjent at oksen var olm på førehand, og eigaren likevel ikkje såg etter han, då skal han gje ein annan okse til vederlag, og det daude dyret skal vera hans.