Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Herren openberrar seg på Sinai

1. Den tredje nymånedagen etter at israelittane hadde fare frå Egypt, kom dei til Sinai-øydemarka.

2. Dit kom dei etter at dei hadde teke ut frå Refidim, og dei slo leir der i villmarka. Israelittane leira seg midt for fjellet,

3. og Moses steig opp til Gud. Då ropa Herren til han frå fjellet: «Dette skal du seia til Jakobs-ætta og kunngjera for Israels-folket:

4. De har sett kva eg gjorde med egyptarane, og korleis eg lyfte dykk på ørnevenger og bar dykk hit til meg.

5. Vil de no lyda vel etter orda mine og halda pakta mi, så skal de vera min eigedom framfor alle andre folk; for heile jorda er mi.

6. De skal vera eit kongerike av prestar og eit heilagt folk for meg. Desse orda skal du tala til israelittane.»

7. Då Moses kom ned att, kalla han saman dei eldste i folket og bar fram dei orda Herren hadde sendt han med.

8. Og folket svara, alle som ein: «Alt det Herren har sagt, skal vi gjera.» Dette svaret bar Moses attende til Herren.

9. Då sa Herren til Moses: «Eg vil koma til deg i ei tett sky, så folket kan høyra at eg talar med deg, og tru på deg alle dagar.» Då Moses hadde sagt Herren kva folket svara,

10. sa Herren til han: «Gå til folket og sei at dei skal helga seg i dag og i morgon! Lat dei vaska kleda sine

11. og halda seg ferdige tredje dagen! For då vil Herren stiga ned på Sinai-fjellet medan heile folket ser på.

12. Og du skal merkja av eit område for folket og seia: Ta dykk i vare, så de ikkje går opp på fjellet! Kom ikkje innåt det! Kvar den som kjem innåt fjellet, skal døy.

13. Ingen må ta si hand i han. Han skal steinast eller skytast. Anten det er eit dyr eller eit menneske, skal det lata livet. Når hornet ljomar, skal dei stiga opp på fjellet.»

14. Så gjekk Moses ned av fjellet til folket og lét dei helga seg, og dei vaska kleda sine.

15. Og han sa til folket: «Tredje dagen skal de halda dykk ferdige. Kom ikkje nær kvinner!»

16. Då det vart morgon tredje dagen, bar det laust med torebrak og lyn. Det la seg ei tung sky over fjellet, og det lydde ein sterk hornlåt. Alle som var i leiren, skalv av redsle.

17. Men Moses førte folket ut or leiren til møtes med Gud, og dei vart ståande nedunder fjellet.

18. Heile Sinai-fjellet stod i røyk, av di Herren hadde kome ned på det i eld. Røyken steig opp som or ein smelteomn, og heile fjellet dirra og skalv.

19. Hornlåten auka og vart sterkare og sterkare. Moses tala, og Gud svara så det kunne høyrast.

20. Då Herren hadde stige ned på Sinai-fjellet, på øvste tinden, kalla han Moses opp på fjelltoppen, og han gjekk opp.

21. Herren sa til Moses: «Gå ned og åtvar folket, så dei ikkje trengjer seg fram til Herren og vil sjå! For då kjem mange av dei til å missa livet.

22. Jamvel prestane, som elles får stiga fram for Herren, må helga seg, så Herren ikkje skal bryta inn mellom dei.»

23. Då sa Moses til Herren: «Folket kan ikkje stiga opp på Sinai-fjellet, for du har sjølv åtvara oss og sagt: Merk av ei grense kring fjellet og lys det heilagt!»

24. Og Herren sa til han: «Gå ned, og kom så opp att, du og Aron! Men prestane og folket må ikkje trengja seg fram og stiga opp til Herren, for då bryt han inn mellom dei.»

25. Då gjekk Moses ned til folket og sa det til dei.