Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Dei ti bodorda

1. Gud tala alle desse orda:

2. Eg er Herren din Gud, som førte deg ut or Egypt, or trælehuset.

3. Du skal ikkje ha andre gudar attåt meg.

4. Du skal ikkje laga deg noko gudebilete eller noko slag bilete av det som er oppi himmelen eller nedpå jorda eller i vatnet under jorda.

5. Du skal ikkje tilbe dei og ikkje dyrka dei! For eg, Herren din Gud, er ein brennhuga Gud, som lèt straffa for synda åt fedrane koma over born i tredje og fjerde ættleden, når dei hatar meg,

6. men gjer vel i tusen ættleder mot dei som elskar meg og held boda mine.

7. Du skal ikkje misbruka namnet åt Herren din Gud; for Herren held ikkje den uskuldig som misbrukar namnet hans.

8. Kom kviledagen i hug, så du held han heilag!

9. Seks dagar skal du arbeida og gjera di gjerning.

10. Men den sjuande dagen er sabbat for Herren din Gud. Då skal du ikkje gjera noko arbeid, korkje du eller son din eller dotter di, korkje tenaren eller tenestkvinna eller feet, eller innflyttaren i byane dine.

11. For på seks dagar skapte Herren himmelen og jorda og havet og alt som i dei er; men den sjuande dagen kvilte han. Difor velsigna Herren sabbatsdagen og lyste han heilag.

12. Æra far din og mor di, så skal du få leva lenge i det landet Herren din Gud gjev deg.

13. Du skal ikkje slå i hel.

14. Du skal ikkje bryta ekteskapet.

15. Du skal ikkje stela.

16. Du skal ikkje vitna rangt mot nesten din.

17. Du skal ikkje trå etter huset åt nesten din. Du skal ikkje trå etter kona åt nesten din, tenaren eller tenestkvinna hans, oksen eller eselet hans eller noko anna som høyrer nesten din til.

18. Heile folket høyrde torebraket og hornlåten og såg lyna og fjellet i røyk. Då dei såg og høyrde dette, skalv dei av redsle og heldt seg langt unna.

19. Og dei sa til Moses: «Tal med oss du, så skal vi høyra! Men lat ikkje Gud tala med oss, for då døyr vi!»

20. Då sa Moses til folket: «Ver ikkje redde! Gud vil prøva dykk, og han vil at de skal ha age for han, så de ikkje syndar. Difor er han komen.»

21. Så vart folket ståande langt borte, medan Moses gjekk innåt mørkeskodda der Gud var.

Paktboka

22. Herren sa til Moses: Så skal du seia til israelittane: De høyrde korleis eg tala til dykk frå himmelen.

23. De skal ikkje laga dykk nokon gud attåt meg. Gudar av sølv eller gull skal de ikkje laga dykk.

24. Eit altar av jord skal du reisa for meg. På det skal du ofra brennoffera og måltidsoffera dine, småfeet og storfeet ditt. Kvar stad der eg vil ha namnet mitt ihugkome, skal eg koma til deg og velsigna deg.

25. Men vil du laga eit steinaltar for meg, skal du ikkje byggja det av hoggen stein. For brukar du meisel på steinane, vanhelgar du dei.

26. Du skal ikkje gå opp til altaret mitt etter ei tropp, så du ikkje skal visa deg naken framfor det.