Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Sidan sa Herren til Moses:

2. «Sei til israelittane at dei skal snu om og slå leir framfor Pi-Hakirot, midt for Ba’al-Safon, mellom Migdol og havet! Der skal de slå leir nedmed sjøen.

3. Så kjem farao til å tenkja at israelittane har villa seg bort i landet og ikkje finn ut or øydemarka att.

4. Og eg vil gjera han hard i hugen, så han set etter dei. Då skal eg visa mi guddomsmakt på farao og heile hans hær. Og egyptarane skal få kjenna at eg er Herren.» Israelittane gjorde som Herren sa.

5. Men då kongen i Egypt fekk vita at folket hadde rømt, snudde dei om, både han og mennene hans. «Kva er det vi har gjort,» sa dei, «vi som gav Israel fri frå arbeidet?»

6. Så spente han føre vogna si og tok hæren sin med seg.

7. Han tok seks hundre av dei beste vognene og alle dei andre vognene i Egypt, og djerve stridsmenn var det på dei alle.

8. For Herren gjorde farao, kongen i Egypt, hard i hugen, så han sette etter israelittane, då dei med fast vilje fór frå landet.

9. Egyptarane sette etter dei med alle vognene og hestfolket, ja, heile hæren åt farao, og nådde dei att bortmed Pi-Hakirot, der dei låg i leir nedmed sjøen, midt for Ba’al-Safon.

10. Då farao nærma seg, fekk israelittane sjå at egyptarane kom etter dei. Dei vart livande redde og ropa til Herren.

11. Og dei sa til Moses: «Fanst det ikkje graver i Egypt, sidan du har ført oss hit så vi skal døy i øydemarka? Kvifor har du ført oss bort frå Egypt og gjort dette mot oss?

12. Var det ikkje det vi sa til deg i Egypt: Lat oss få vera i fred! Vi vil tena egyptarane. Det er betre for oss, det, enn å døy i øydemarka.»

13. Då sa Moses til folket: «Ver ikkje redde! Stå berre fast, så skal de få sjå korleis Herren hjelper dykk i dag! For så som de ser egyptarane i dag, skal de aldri sjå dei meir.

14. Herren skal strida for dykk, og de skal vera stille.»

Sevsjø-underet

15. Herren sa til Moses: «Kvifor ropar du på meg? Sei til israelittane at dei skal ta i veg!

16. Du skal lyfta staven din og retta handa ut over sjøen og kløyva han, så israelittane kan gå midt igjennom sjøen på turre botnen.

17. Men eg vil gjera egyptarane harde i hugen, så dei set etter dykk. Og eg skal visa mi guddomsmakt på farao og heile hans hær, på vognene og hestfolket hans.

18. Egyptarane skal få kjenna at eg er Herren, når eg viser makta mi på farao og vognene og hestfolket hans.»

19. Guds engel, som gjekk føre Israels-hæren, skifte no plass og gjekk etter folket. Skystolpen, som var framfor dei, flytte seg og vart ståande bak dei,

20. så han kom mellom egyptarhæren og Israels-hæren. På den eine sida var skya mørk, og på den andre sida lyste ho opp natta, og hærane kom ikkje innåt kvarandre heile natta.

21. Då rette Moses handa ut over sjøen, og Herren sende ein sterk austavind, som bles heile natta, så vatnet dreiv unna og turre landet kom fram. Vatnet kløyvde seg,

22. og israelittane gjekk tvert igjennom sjøen på turre botnen, medan vatnet stod som ein mur på begge sider.

23. Egyptarane sette etter dei med alle hestane, vognene og hestfolket åt farao og fylgde dei til midt ut i sjøen.

24. Men tidleg om morgonen såg Herren ned på egyptarhæren frå eld- og skystolpen og skapte redsle og rådløyse mellom dei.

25. Han slo hjula av vognene deira, så det gjekk tungt for dei å koma fram. Då sa egyptarane: «Lat oss røma for israelittane! For Herren strider for dei mot egyptarane.»

26. Og Herren sa til Moses: «Rett handa di ut over sjøen, så skal vatnet fløyma attende over egyptarane, over vognene og hestfolket deira!»

27. Så rette Moses handa ut over sjøen, og då det leid til morgons, kom vatnet veltande attende til det gamle lægjet sitt. Egyptarane rømde beint imot det, og Herren dreiv dei midt ut i sjøen.

28. Vatnet strøymde i hop og skylde over alle vognene og alt hestfolket i farao-hæren, som hadde fylgt etter israelittane ut i sjøen. Ikkje ein kom frå det med livet.

29. Men israelittane gjekk gjennom sjøen på turre botnen, medan vatnet stod som ein mur på begge sider.

30. Såleis berga Herren Israel frå egyptarane den dagen. Og israelittane såg korleis egyptarane låg døde på stranda.

31. Då dei såg det storverket Herren hadde gjort mot egyptarane, fekk dei age for Herren, og dei trudde på han og på Moses, tenaren hans.