Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 30 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Røykjelsesaltaret

1. Du skal laga eit altar til å brenna røykjelse på. Av akasietre skal du laga det.

2. Det skal vera ei alen langt, ei alen breitt, firkanta og to alner høgt. Horna på altaret skal gå i eitt med det.

3. Kled det med reint gull både ovanpå og på sidene og på horna, og lag ein gullkant på det heilt ikring.

4. På begge sider skal du setja to gullringar nedanfor kanten. Du skal setja dei på kvar side. Dei skal vera til å smøya stenger inn i, så altaret kan berast.

5. Stengene skal du laga av akasietre og kle dei med gull.

6. Altaret skal du setja framfor forhenget som løyner lovkista, framfor soningsstaden som ligg over lova, der eg vil møtast med deg.

7. Og Aron skal brenna velluktande røykjelse på det. Kvar morgon når han steller lampene, skal han brenna røykjelsen.

8. Det same skal han gjera om kvelden, når han set opp lampene. Det skal vera eit dagleg røykjelsesoffer for Herrens åsyn hjå dykk og etterkomarane dykkar.

9. De skal ikkje ofra uvigsla røykjelse på altaret, og ikkje brennoffer eller grødeoffer; heller ikkje skal de hella ut drikkoffer på det.

10. Ein gong om året skal Aron gjera soning på altarhorna. Med blodet av det sonande syndofferet skal han gjera soning på altaret, i ætt etter ætt. Det er høgheilagt for Herren.

Tempelskatten

11. Herren sa til Moses:

12. Når du held manntal over israelittane, skal alle som vert talde, gje Herren løysepengar for livet sitt, så det ikkje kjem ulukke over dei fordi dei vert talde.

13. Kvar den som kjem med i manntalet, skal gje ein halv sekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, der ein sekel er tjue gera. Denne halve sekelen er ei gåve til Herren.

14. Alle som kjem med i manntalet, så mange som er tjue år eller meir, skal gje ei gåve til Herren.

15. Den rike skal ikkje gje meir og den fattige ikkje mindre enn ein halv sekel når de gjev gåva åt Herren til løysepengar for livet dykkar.

16. Du skal ta imot løysepengane av israelittane og bruka dei til tenesta i møteteltet. Det skal minna Herren om israelittane og vera ein løysepeng for livet dykkar.

Vaskekaret

17. Herren sa til Moses:

18. Du skal laga eit vaskekar av bronse med fotstykke av bronse. Det skal du setja mellom møteteltet og altaret og ha vatn i det.

19. Der skal Aron og sønene hans vaska hendene og føtene.

20. Når dei går inn i møteteltet, skal dei vaska seg i vatnet, så dei ikkje skal døy, og like eins når dei stig fram til altaret og skal gjera teneste og brenna eldoffer for Herren.

21. Dei skal vaska hender og føter; elles må dei døy. Det skal vera ei evig lov for dei, for Aron og etterkomarane hans, i ætt etter ætt.

Salvingsoljen og røykjelsen

22. Herren sa til Moses:

23. Ta krydder av beste slaget: 500 sekel fin myrra, halvparten så mykje eller 250 sekel velluktande kanel, 250 sekel kalmus

24. og 500 sekel kassia, alt etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, og så ein hin olivenolje.

25. Av dette skal du laga ein heilag salvingsolje, ein kryddesalve, så som salveblandarane gjer det. Ein heilag salvingsolje skal det vera.

26. Med den skal du salva møteteltet, paktkista,

27. bordet med alt som høyrer til, ljosestaken med det som høyrer til, røykjelsesaltaret,

28. brennofferaltaret med alt som høyrer til, og vaskekaret med fotstykket det står på.

29. Du skal vigsla dei, så dei vert høgheilage. Kvar den som kjem nær dei, vert heilag.

30. Og Aron og sønene hans skal du salva og via til å gjera presteteneste for meg.

31. Og du skal seia til israelittane: Dette skal vera min heilage salvingsolje hjå dykk i ætt etter ætt.

32. Han må ikkje koma på kroppen åt noko anna menneske, og de må ikkje laga annan salve som er såleis blanda. Heilag er han, og heilag skal han vera for dykk.

33. Den som lagar maken til denne kryddesalven eller brukar han på ein som ikkje er vigd, skal rydjast ut or folket sitt.

34. Herren sa til Moses: Ta det du treng til røykjelse: balsam, myrraolje, harpiks som luktar sterkt, og rein virak. Det skal vera like mykje av kvart.

35. Av det skal du laga ein krydda røykjelse, så som salveblandarane gjer det, salta og rein, til heilag bruk.

36. Noko av det skal du knusa smått og leggja framfor lova i møteteltet, der eg vil møtast med deg. Høgheilagt skal det vera for dykk.

37. Røykjelse som er såleis blanda som denne, må de ikkje laga til dykk sjølve; vigsla til Herren skal han vera.

38. Den som lagar slik røykjelse til å anga på, han skal rydjast ut or folket sitt.