Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Herren sa til Moses: «Endå ei plage vil eg føra over farao og Egypt; så skal han la dykk fara. Ja, ikkje berre det, men han skal driva dykk ut herifrå.

2. Sei til folket at kvar mann skal be grannen sin og kvar kvinne grannekona si om prydnadsting av sølv og gull!»

3. Og Herren laga det så at egyptarane fekk godvilje for folket. Men så vart òg Moses halden for ein ovstor mann i Egypt, både av mennene åt farao og av folket.

4. Moses sa: «Så seier Herren: Når det lid til midnatt, vil eg fara gjennom Egypt.

5. Då skal det døy, alt som fyrstefødt er i Egypt, frå den eldste sonen åt farao som sit på kongsstolen sin, til den eldste sonen åt trælkvinna som står bak kverna, og alle dei fyrstefødde dyra i buskapen.

6. Og i heile Egyptarlandet skal det lyda eit skrik så fælt at det ikkje har vore maken til det før og heller ikkje skal verta det sidan.

7. Men ikkje ein hund skal gøy mot nokon av israelittane, korkje mot menneske eller dyr. Såleis skal de skjøna at Herren gjer skil på egyptarane og israelittane.

8. Då skal alle mennene dine koma ned til meg og bøya seg for meg og seia: Far herifrå, både du og heile det folket som fylgjer deg! Og så skal eg fara.» Dermed gjekk han bort frå farao i brennande harme.

9. Herren sa til Moses: «Farao skal ikkje høyra på dykk. Så går det for at eg kan få gjort mange under i Egypt.»

10. Moses og Aron gjorde alle desse undera for farao. Men Herren gjorde farao hard i hugen, og han lét ikkje israelittane fara frå landet.