Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Herren vil fria Israel frå egyptarane

1. Då sa Herren til Moses: «Sjå, eg lèt deg vera som Gud for farao, og Aron, bror din, skal vera profeten din.

2. Du skal tala alt det eg seier deg, og Aron, bror din, skal leggja det fram for farao, så han lèt israelittane fara frå landet.

3. Men eg vil gjera han hard i hugen, og mange teikn og under vil eg gjera i Egypt.

4. Farao kjem likevel ikkje til å høyra på dykk, og difor vil eg leggja mi hand på egyptarane og føra hærane mine, Israel, folket mitt, ut or Egypt med veldige straffedomar.

5. Egyptarane skal få kjenna at eg er Herren, når eg retter handa ut over Egypt og fører israelittane bort frå dei.»

6. Moses og Aron gjorde som Herren hadde sagt.

7. Moses var åtti og Aron åttitre år gamal då dei tala med farao.

Underet med Arons stav

8. Herren sa til Moses og Aron:

9. «Når farao bed dykk gjera eit under, då skal du seia til Aron: Ta staven din og kast han ned framfor farao, så skal han verta til ein orm!»

10. Så gjekk Moses og Aron fram for farao og gjorde som Herren hadde sagt. Aron kasta staven sin ned framfor farao og mennene hans, og staven vart til ein orm.

11. Då sende farao bod etter vismennene og trollmennene, og så gjorde dei egyptiske spåmennene det same med kunstene sine.

12. Alle kasta dei stavane sine, og dei vart til ormar. Men staven åt Aron slukte stavane deira.

13. Det gjekk som Herren hadde sagt: Farao gjorde seg hard og ville ikkje høyra på dei.

Plagene i Egypt

14. Då sa Herren til Moses: «Farao er trassig. Han vil ikkje la folket fara.

15. Gå til han i morgon tidleg når han kjem ned til Nilen, og stå på elvebakken, så han møter deg! Staven som vart omskapt til ein orm, skal du ha i handa.

16. Og du skal seia til han: Herren, Hebrearguden, har sendt meg til deg og seier: Lat folket mitt fara, så dei kan halda gudsteneste i øydemarka! Men enno har du ikkje vilja lyda.

17. Så seier Herren: Av dette skal du skjøna at eg er Herren: Sjå, no slår eg på vatnet i Nilen med denne staven som eg har i handa, og så skal det verta til blod.

18. Fisken i Nilen skal døy, og det skal lukta så vondt av elva at egyptarane ikkje orkar å drikka vatnet.»

19. Og Herren sa til Moses: «Sei til Aron: Ta staven og rett handa di ut over vatnet i Egypt, over elvane og kanalane og dammane, over kvar samling av vatn i landet, så skal det verta til blod. Og blod skal det vera i heile Egypt, både i trekjerald og steinkjerald.»

20. Moses og Aron gjorde som Herren hadde sagt. Moses lyfte staven og slo på vatnet i Nilen, medan farao og mennene hans såg på. Då vart alt vatnet i elva til blod.

21. Fisken i Nilen døydde, og det lukta så vondt av elva at egyptarane ikkje kunne drikka vatnet. Det var blod i heile Egypt.

22. Men dei egyptiske spåmennene gjorde det same med kunstene sine. Og det gjekk som Herren hadde sagt: Farao gjorde seg hard og ville ikkje høyra på dei.

23. Farao snudde seg og gjekk heim. Han brydde seg ikkje om dette heller.

24. Men alle egyptarane grov rundt ikring Nilen etter vatn; for dei kunne ikkje drikka elvevatnet.

25. Så gjekk det sju dagar etter at Herren hadde gjort vatnet i Nilen til blod.