Kapitler

  1. 1
  2. 2
  3. 3
  4. 4
  5. 5
  6. 6
  7. 7
  8. 8
  9. 9
  10. 10
  11. 11
  12. 12
  13. 13
  14. 14
  15. 15
  16. 16
  17. 17
  18. 18
  19. 19
  20. 20
  21. 21
  22. 22
  23. 23
  24. 24
  25. 25
  26. 26
  27. 27
  28. 28
  29. 29
  30. 30
  31. 31
  32. 32
  33. 33
  34. 34
  35. 35
  36. 36
  37. 37
  38. 38
  39. 39
  40. 40

Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

2. Mosebok 25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

Gåver til heilagdomen

1. Herren tala til Moses og sa:

2. Sei til israelittane at dei skal koma med gåver til meg! Av kvar den som kjenner trong til det, skal de ta imot ei gåve til meg.

3. Dette er gåvene som de skal ta imot av dei: gull, sølv og bronse,

4. fiolett, purpurraud og karmosinraud ull, fint lingarn og geiteragg,

5. raudleta verskinn, delfinskinn og akasietre,

6. olje til ljosestaken, balsam til salvingsoljen og til den velluktande røykjelsen,

7. karneol og andre dyre steinar til å setja på efoden og brystduken.

8. Og lat dei reisa ein heilagdom åt meg, så skal eg bu midt imellom dei.

9. Denne bustaden og alt det som høyrer til i han, skal de i alle måtar laga etter det førebiletet eg vil syna deg.

Lovkista

10. Du skal laga ei kiste av akasietre, to og ei halv alen lang, halvanna alen brei og halvanna alen høg.

11. Kled henne med reint gull både innvendes og utvendes, og set ein gullkant ikring henne!

12. Støyp fire gullringar og fest dei i dei fire føtene på kista, to på kvar side!

13. Lag så stenger av akasietre, kled dei med gull,

14. og smøy dei inn i ringane på sidene av kista! Desse stengene skal de bera henne med.

15. Dei skal støtt vera i ringane på kista; dei må aldri takast or.

16. I kista skal du leggja lova som eg vil gje deg.

17. Så skal du laga til ein soningsstad; han skal vera av reint gull, to og ei halv alen lang og halvanna alen brei.

18. På endane av soningsstaden skal du setja to kjerubar som du har laga av hamra gull,

19. ein kjerub på den eine sida og ein på den andre. Du skal laga dei så at dei går i eitt med endane på soningsstaden.

20. Kjerubane skal halda vengene utbreidde og lyfte, så dei tekkjer over og vernar soningsstaden med vengene sine. Dei skal vera vende mot kvarandre, med andletet ned mot soningsstaden.

21. Så skal du setja soningsstaden opp på kista, og i kista skal du leggja lova som eg vil gje deg.

22. Der vil eg møtast med deg. Alt det eg byd deg å tala til israelittane, vil eg seia deg frå soningsstaden mellom dei to kjerubane som er over lovkista.

Skodebrødsbordet

23. Du skal laga eit bord av akasietre. Det skal vera to alner langt, ei alen breitt og halvanna alen høgt.

24. Kled det med reint gull og set ein gullkant på det som går heilt ikring.

25. Så skal du laga ei list på bordet. Ho skal vera brei som ei hand og gå heilt ikring. Rundt lista skal du laga ein gullkant.

26. Lag så fire gullringar og set dei i dei fire hjørna på dei fire føtene!

27. Tett attmed lista skal ringane sitja. Dei skal vera til å smøya berestenger inn i.

28. Stengene skal du laga av akasietre og kle dei med gull. Med dei skal bordet berast.

29. Sidan skal du laga dei fata og skålene som høyrer bordet til, og kannene og bollane til drikkofferet. Av reint gull skal du laga dei.

30. På bordet skal du støtt leggja fram skodebrød for mitt åsyn.

Ljosestaken

31. Så skal du laga ein ljosestake av reint gull. Han skal vera hamra arbeid, både foten og sjølve staken. Skålene på staken og knuppane og blomane skal gå i eitt med han.

32. Seks armar skal gå ut frå ljosestaken, tre på den eine sida og tre på den andre.

33. På den eine armen skal det vera tre beger med knuppar og blomar og på den andre tre beger med knuppar og blomar. Begera skal vera på skap som ein mandelblom. Såleis skal det vera på alle dei seks armane som går ut frå ljosestaken.

34. På sjølve staken skal det vera fire beger med knuppar og blomar. Dei skal vera på skap som ein mandelblom.

35. Det skal vera ein knupp under det fyrste armparet, ein under det andre og ein under det tredje. Knuppane skal gå i eitt med staken. Det skal vera ein knupp under kvart par av dei seks armane som går ut frå ljosestaken.

36. Knuppane og armane skal gå i eitt med staken. Heile ljosestaken skal vera eitt einaste stykke hamra arbeid av reint gull.

37. Du skal laga sju lamper til ljosestaken. Dei skal du setja såleis opp at dei kastar ljoset beint fram for staken.

38. Ljosesaksene og pannene som høyrer til, skal vera av reint gull.

39. Ein talent reint gull skal du bruka til ljosestaken og alle desse reiskapane.

40. Sjå til at du gjer arbeidet etter det førebiletet som vart synt deg på fjellet!